Stad: Vinje skule
Til stades:
Anders Sandvik
Britt Rønningen
Eric Christenson
Anne T. Romtveit
Aasmund Nordstoga
Â
1. Vedtekter og stiftingsdokument.
På førre møte vart det utarbeidd framlegg til vedtekter for Livivinje. Ei reinskreve utgåve vart lagt fram for interimstyret, og vedteken.
Interimstyret godkjende og skreiv under på eit stiftingsdokument, som formelt opprettar samanslutninga Livivinje.
Desse dokumenta er nødvendige som vedlegg til søknad om organisasjonsnummer. Livivinje treng organisasjonsnummer mellom anna for å opprette bankkonto.
Â
2. Tomter og ledige hus.
- Eric har tinga økonomisk kartverk for heile Vinje skulekrins, for å vurdere eigna stader for tomter. Karta skal vera klare til eit felles møte med Øyfjell city og arkitektar på Vinjar den 14. september.
- Eric Christenson og Margit Rui Christenson har planar for tomter/huskrull på eigedomen sin. Desse planane vart godkjende av Vinje kommune i ein prosess med tanke på tomtesal til kommunen i tida 1977-79. Salet vart aldri noko av, men planane ligg der framleis og er fullt mogelege å blåse liv i.
- Vinje kommune har to tomter pÃ¥ â€Boligane†ved vegen til VesÃ¥s.
- Me ynskjer Ã¥ fÃ¥ Tenestetorget til Ã¥ trykkje opp og sende oss detaljerte kart over dei her nemnde tomteomrÃ¥da innan â€arkitektmøtet†den 14. september. Karta bør ogsÃ¥ sendast til Silje Hegg (Øyfjell city)
Tome/ledige hus
Korleis skal me registrere ledige hus, og korleis formulere eit ynskje til eigarane om å gjera husa tilgjengelege for folk som ynskjer å flytje hit? Leige eller sal?
Dette er ei sak me må tyggje litt på.
Â
3. Informasjon om Livivinje
Ikkje alle som bur i Vinje skulekrins er internettbrukarar. Me treng difor ein informasjonskanal i tillegg. Me har difor skaffa adresseliste over alle som held til i skulekrinsen vår, og ynskjer å nytte littavkvartgjengen til å distribuere informasjon. Slik vonar me at alle vil kjenne seg inkludert i prosjektet.
Â
4. Sandnes
Reguleringsplanen for Sandnes som vart vedteken i kommunestyret i 2001 bør realiserast. Grendelaget i Vinje bør sjå på dette i samband med høyringa til ny Idrott- og friluftsplan for kommunen. Livivinje stør ei realisering av reguleringsplanen for Sandnes.
5. Prosjektskildring
- Britt byrjar med prosjektskildringa, slik at me har eit utgangspunkt å arbeide vidare med.
- Anders kontaktar Kari Nestestog om logo for Livivinje
NESTE MØTE BLIR DEN 16. SEPTEMBER KL 20 PÅ VINJAR.