Liv i Vinje

Referat frå møte i Liv i Vinje

16.09.09

Til stades: Anders, Eric, Anne og Britt

1. Oppsummering frå 14.09.09 då me hadde besøk av Sverre Sondresen, Sigrid Vesaas og Silje Hegg.

  • Hovudmålet for oss er at dei som bur her skal bli og koma i gang med ulike aktivitetar

  • Men me håpar sjølvsagt at utflytte vinbyggjarar kjem attende og buset seg her og me ynskjer alle som vil koma, velkomen.

  • Forslag om at kvart grendelag undersøkjer i sitt område om det finnast ledige hus og ev. tomter.

  • Sende brev til alle grunneigerar der me poengterar behovet for hus og tomter om det skal bli meir liv i bygda vår!

  • ”TTT” – teknologi, talenter, toleranse – viktige punkt ved vidare arbeid.

  • Midlar til fyrste skisse-prosjekt (ca. Kr 100 000,-) kan søkjast hos Fylkesmannen v/Line Hellum

  • Dette var eit nyttig og inspirerande møte med tanke på vidare arbeid.

2. Prosjektskildring – me sender ein søknad til kommunen om 80% prosjektleiar-stilling. Me lagar ein kortfatta versjon av ei prosjektskildring til denne søknaden. Me søkjer også om at prosjektleiaren skal få lønn utbetala frå kommunen.

3. Tida er snart inne for å invitere til eit fellesmøte der sakene blant anna må vera:

  • Oppsummering av vårt arbeid så langt

  • Har nokon atuelle tomter

  • Har nokon ledige hus

  • Vegen vidare

 

4. Haustskriv frå Liv i Vinje – Anne tek seg av dette.

 

5. Me ynskjer hjelp frå ”litt-av-kvart-gjengen” til å distribuere haustskriv og invitasjon til fellesmøte.

6.Lage sak til formannskapet, punkt som må med:

  • 80% prosjektleiar

  • Ein startkapital

  • Visjonen vår

  • Me vil jobbe for auka næringsverksemd

  • Me ynskjer at leiaren har kontor i skulekrinsen

Ref.

Britt Rønningen

Web Design: kandesign

elektronik sigara

film izle

vpills