Liv i Vinje

Referat Styremøte Liv i Vinje, 17. Februar  2010

Tilstades: Eric Christenson, Anne Romtveit, Britt Rønningen, Ellen Nordstoga, Anders Sandvik.
Prosjektkoordinator: Silje Hegg

Sak 1 Evaluering av stormøtet

Godt oppmøte. Samansett når det gjeld grender og alder. Litt lite ungdom. God bevertning. Bra med kunstnarlege innslag i tillegg til snakk. Me har fått tilbakemeldingar på at det var eit bra og nyttig møte. Folk ser at det er framdrift. Møtet var passe langt, 1 t og 40 minutt. Bra at skulen var involvert med elevar som song ein flott song om Vinje, som dei hadde dikta ny tekst til.

Valet vart kanskje avgjort for fort. Kanskje folk med forslag til andre styremedlem brann inne med det. Dei hadde 30 minutt på seg til å koma med forslag. Det låg pennar og lappar på alle bord, men folk hadde kanskje behov for litt meir tid. Det vart sagt at me ville ha forslag på folk som hadde lyst! Sjølv om det sjølvsagt er viktig, kunne dette kanskje verke skremmande i høve til å koma med forslag. Det var iallfall ikkje meininga å verke avvisande til forslag, og me tek sjølvkritikk dersom det vart oppfatta slik. Det vart for lite tid til dialog med dei oppmøtte. Neste gong må me legge betre til rette for at folk får koma me innspel og synspunkt.  Prosjektleiaren håpar folk oppfatta at hennar forslag til arbeidsgrupper berre var forslag, og at dette kan endrast undervegs, og at folk må koma med forslag til endringar eller forslag til andre grupper. Me må sjå kva som fungerer, og ikkje, etterkvart som me byrjar arbeidet i gruppene.  Me må formidle at folk må koma med forslag!

Sak 2 Konstituering av styret

Leiar: Anders Sandvik

Nestleiar: Eric  Christenson (me eisika deisika luntan tuntan på det)

Småkasserar: Britt Rønningen

Sak 3 Aktivitetar framover

Kan me få til sponsing? Sponsing frå Statkraft?
Det kosta 1400 kr for to små annonser om møtet i VTB. Kan me få til sponsing her? 25-50 % på alle annonser?

Jobbe med søknad til KRD og prosjektplan. Innhente gode forslag frå bygdefolket.

Silje må samle tomtegruppa og seta dei i gang.

Påfonndajen. Arbeidsgruppa må samlast etter møtet i Vinje grendelag.

Vinje-song og logo?  Vinjesong anno 2010. Utfordre folk i bygdi til å lage song. Me set det opp som sak på neste styremøte: Lage invitasjon til konkurranse om logo og song! Premie, frist, nemd. Forslag om fotokonkurranse. Anders har snakka med Kari og Luke om opplasting av fotogalleri på heimesida.

Styret: i løpet av 31. august må me få på plass ein valkomité.

 

Sak 4 Silje har ordet

Medieomtale – er det nok at me legg ut det som måtte koma av medieomtale på nettet på heimesida, og at me har avisoppslag i eige papirarkiv? M.a.o. at me IKKJE brukar tid på å scanne inn alt av avisoppslag for å ha på heimesida. Ja, meiner styret.

Forslagskassa – skal opp igjen. Anne har den heime for å lage ny framside.

Namnelister er tinga: Forfatte eit brev til dei som ikkje bur her, med info om prosjektet og at dei kan fylgje med på heimesida osv.

Facebook – side hastar litt, for å publisere og invitere til Påfonndagjen

Tomter – hastar med å få i gang bustad-og tomtegruppa. Silje refererte frå samtale med Lotte Næss. Det er enno ikkje for seint å koma me innspel til arealplanen som dei rullerer no. Kommunen kjem ikkje til å stikke kjeppar i hjula for oss om me kjem med eit forslag som ikkje er i arealplanen seinare, men dei kjem nok til å krevje reguleringsplan, og det tek fort tid.  Aktuelt område vidare forbi boligane? Alt dette er noko tomtegruppa må jobbe vidare med.

Prosjektplan hastar. Me må konkretisere tiltak og målsetningar og hente inn innspel frå bygdefolk. Me må ta omsyn til utlysingsteksten frå Kommunal- og regionaldepartementet (KRD). Kva seier dei om målgrupper? Dei seier at ungdom, kvinner og innvandrarar er viktige målgrupper for distrikst-og regionalpolitikken.  Dessutan må me prøve å skilje oss ut frå alle andre dei søknadane. Prosjektplanen skal fylle fleire behov, m.a.  skal han fungere som ein slags kontrakt mellom styret og prosjektleiar, og seie noko om kva styret forventar av prosjektleiaren.

10.mars er det møte i Fylkeshuset ang søknadane til KRD. Me må søke KRD gjennom fylket, og fylket kan gj medfinansiering. KRD støttar kun 50%. Fylket ynskjer eit forsøk til søknad innan 10.mars. Fristen for å sende inn søknaden til fylket er 12.april. Så har dei nokre veker på seg før fristen til KRD som er 3. Mai. Me må fylle inn ein standardisert søknadsskjema. Silje dreg sjølvsagt på møtet den 10.mars, men styret er velkomne til å bli med dersom dei skulle ha tid og lyst.

Fram til neste styremøte den 4.mars skal Silje prøve å gjera så mykje som ho kan på prosjektplan og søknadskjema, slik at styret har ein slags ”tekstkropp” å ta utgangspunkt i når dei samlast att. Her kan me liste opp ymse forslag til tiltak, og så får me velje ut og avgrense. For å klare dette er det viktig å jobbe med ein tydeleg visjon, verdiar og mål som me ynskjer at prosjektet skal ha.

Sak 5 ymse

Ringar i vatnet er ei bok som er skrive om eit utviklingsprosjekt på Hamarøy: –godt poeng derifrå:

 

Boka representerer eit kritisk blikk på rådande opplevingskonstruksjonsorientering innanfor lokal- og bygdeutvikling, og åtvarar mot at resultatet kan verta ei bygd som mange byfolk besøker for å oppleva adrenalinkick men der færre og færre faktisk bur.

 

Silje har tinga bokji, for vidare inspirasjon og studier.

Leiar i Kulturarven: rydde område, ta vare på hus. Deprimerande med hus til forfalls.

Merking av turstiar?

Måndagsmiddag: Sist måndag var det fleire som ikkje fekk mat fordi det vart tomt. Ellen tek ansvar for å kaupe inn og legge mat i frysaren, slik at om det vert tomt ein annan gong, så har kjøkkengjengen ein plan B. Alle skal få mat!

Teatergruppe skulle me hatt. Sjå over Vinjar kva det er av utstyr. Kullissur. Fleire har lyst til det.

Jobbe med å integrere flyktningar og innvandrarar?

Neste styremøte er torsdag 4.mars kl 1930 på Vinjar.

 

Ref. Prosjektkoordinator

Silje Hegg

 

Web Design: kandesign

elektronik sigara

film izle

vpills