10.02.10.
Det møtte ca 65 personar på dette møtet.
Saker:
1. Anders ynskja velkomen.
Så fekk me eit kjempe bra underhaldningsbidrag frå Åshild Ringhus, Mari Høydal,Sigrid Kringlebu og Trine Høgset. TUSEN TAKK TIL DEI!
2. Årsforteljing v/Anne Romtveit
Anne referera arbeidet interimstyret har gjort sidan dei blei valgt og nesten alt står i det skrivet me sendte ut til alle husstandar i haust. Me er no registrert i brønnøysundregisteret og me har tilsatt ein prosjektleiar.
3. Intoduksjon til valg.
Dei 5 som sit i styret i dag vil gjerne fortsette, men dei kan godt gje plassen sin vidare til andre som kan tenkje seg eit verv i dette styret.
Det blei no gjeve høve til å kome med forslag på andre personar enn dei som sit, frå no og fram til etter pausa.
Silje Hegg spila ein fin fløyteslått for oss!
Ingvild og Åsmund Nordstoga ga oss ei urframføring på 2 låtar skrive av Ingvild.
4.Vår nytilsette prosjektleiar, Silje Hegg, presentera seg.
Silje kjem frå ein liknande jobb i Øyfjell og er no klar for nye utfordringar hos oss. Ho er frå Åmot og har vore nokon år på farten for å få seg ei utdanning, men no er ho her for å bistå oss vidare i prosjektet.
Her er nokon av Silje sine tankar og forslag for vidare arbeid:
1.Me bør ha ein prosjekt-perm som ligg ein fast plass, med referat frå styrets møter og andre viktige papir – kanskje på måndagsmiddagen?
2.Det blei lagt ut ein del lister om ulike arbeidsgrupper, der folk kunne skrive seg på det dei ville jobbe med:
Tomte- og Husgruppe
Kulturgruppe
Velkomst- og integreringsgruppe
Språk og Landskapsgruppe
Avis-arkiv (VTB, Varden, TA i hovudsak)
Det blei og lagt ut ei liste der alle som ville skreiv e-post adressa si og/eller telefonnummer, slik at Silje har ein mogleghet til å nå folket.
3)Klasselister er bestilt over avgangsklasser frå 1984-1999. Dette har ho gjort for å få ein oversikt over aktuelle personar som vil flytte heim til Vinje. Silje treng hjelp til å finne ut kvar dei bur, så ho tek med listene på måndagsmiddag.
4)Me kan opprette ei FaceBook gruppe, gruppe-side el. Fanclub-side, dette er eit fint alternativ til kommunikasjon med aktuelle heimatt-komerar og for oss som allereie er her!
5)Det finnast midlar å søkje på! Frist hos Fylkeskommunen er 15. mars, alle kan søkje til prosjekt dei måtte ha som kjem inn under områda dei har lagt til grunn. Sjå på heimesida til Fylkeskommunen.
5. Valg – det kom ikkje inn forslag på andre kandidatar til styret og det sittande styret fortsett endå eit år. Me takkar for tilliten!
6.Påfonn-dagjen v/Åsmund
Me har lyst til å finne på noko moro og har tenkt å få til eit arrangement i samband med Vibø-rennet palmesøndag. Det er tenkt ulike underhaldningsinnslag med og utan ski. Mat og underhaldning på Vinjar om kvelden. Mest som i gamledagar, men kanskje endå litt ”sprekare”. Dette vil det bli jobba vidare med i arbeidsgruppe, berre meld interesse om du har noko å bidraga med.
7.Ulike ting som skal skje framover
Pilates og ballett
Song/kor for barn og unge
Ellen og Ingvild har song/dans i barnehagen
8.Ein god ide frå Ellen Nordstoga
Sidan 17. Mai og joletrefest har blitt ei foreldreoppgåve ved skulen, og det blir færre foreldre og taka av, vil Ellen og Ingvild gjerne ha med seg fleire for å øve inn program til desse arrangementa. Det bør helst skje i skuletida, kanskje 1 time i veka? Dei tenkjer då innslag som musikk, dans og sketsjar.
9. Data-kurs – det vil bli arrangera datakurs på kveldstid på skulen. Det vil omhandle:
Sende e-post
Søke på internett
Bruke nettbank
Og andre nyttige ting….
For alle som har lyst!!
10. Snoformingsfestivalen – me har blitt utfordra, vil nokon vera med?
11. Me treng sponsorar – veit du om nokon mogleghetar for å få ulike aktørar på banen, sei i frå. Me har tenkt på Statkraft.
Silje avslutta eit bra møte med ein slått frå Valdres
Referent
Britt Rønningen