Liv i Vinje

Desse møtte:

Åsne, Olav og Eli Vesaas,  Tone Løk, Heri og Lilly Slåtta, Irene Kosi, Ellen Nordstoga, Anne A Ringhus, Britt Rønningen, Ellen Romtveit, Kari Tellefsen, Olav Nordstoga, Arne Vinje, Geir Olav Bekhus, Anne Kristin H. Erikstein, Elisabeth Kringlebu, Eric  og Margit Christenson, Silje Vilhodd, Olav Rui, Ingunn, Arne og Kirsten Reine, Kona til Harald Kvålen, veit diverre ikkje navnet, Anders Sandvik og Anne T.Romtveit


Anders Sandvik leia møtet.

Sakliste:

1. Trekkje opp trådar frå sist.

Attendemeldingar, måndagsmiddagar og heimeside.

2. Fylle ut arbeidslister

3. Finne kontaktpersonar for arbeidslaga

4. Opprette arbeidsutval/styre for mobileringsarbeidet.

5. Ymse

 

1. Trekkje trådar frå fyrste møtet:

Anders ynskte velkomen. Stutt møte i kveld, utan kaffe denne gongen.

På fyrste møtet, som var den 5.mars 09,  hadde det vore 88 tilstades i Vinjarsalen. 44 av dei skreiv  seg på lister for å vera med i dette bygdearbeidet vidare, og fleire har kome til! Det er så gledeleg at det er så stor interesse for dette arbeidet!


Kva med Særensgrend? Det er ingen derifrå i kveld og trur heller ikkje det var nokon på fyrste møtet?  Kva gjer vi med det? Dei er ein del av skulekrinsen her og vi vil helst ha alle med!


MÃ¥ndagsmiddagar:

Tanken om å stelle til måndagsmiddagar kom på fyrste mobiliserings-møtet, og det er alt i gang!

Fyrste måndagsmiddagen var 23.mars kl 16.30 til 17.30.

På matkartet stod Vesaaskurv, koka jordeple, gulrotsaus, koka brokkoli og blomkål. Kaffe og kjeks.  Pris kr 50 pr pers. Kr.100 for familie.

Kokkune var Ellen Nordstoga, Eli Vesaas og Sonja Sandvik.

44 personar i alderen frå 7 mudr til 83,5 år  kom, åt, kytte av maten og sa det  var godt å treffast!


Ellen fortel frå kjøkenarbeidet at det er vanskeleg å skaffe passelege kjelar, anten er dei for små eller for store. Vasskranene på det nye kjøkkenet er upraktiske. Maskin på Mjonøy til å skrapa jordeple, og det kan Ellen hjelpe til med seinare au.

Dei stelte mat til 30 personar, men det kom mange fleire så kanskje fekk nokon for lite mat....

Folk skreiv seg på liste for å vera med å laga mat om måndagane. Det er nok med 3 kokkur/kokkar om  gongen.  Dei starta kl 15 og var ferdig på kjøkenet kl 19.

Vesaaskurven -det gjekk med 5 stk- var sponsa frå Vesaas.

I kassa er no kr.1.420 til neste middag, altså fk måndag. Meininga er å hava tilbodet kvar måndag utan at folk treng å melde seg på.

Men ikkje “Palmemåndag” eller “Andag påske”

Elles kvar måndag frå kl 16.30 til 17.30.


M a t k a r t  for seinare måndagar:  Nokon vil ha Vesaaskurv kvar måndag. Andre syns det er for lite spanande.

-Eller slik at det blir fire kokkelag som gjeng på omgang kvar månad og då kan dei stelle sama middagen kvar gong det er deira tur......?  Og kva med ljos på bordet?   Veit alle i skulekrinsen om dette, tru?   Me må fortelje om det til alle me treffer “

Og ikkje lat det bli konkurranse i dette mellom dei forskjellige som steller. Me må halde det enkelt, elles gjeng me trøytte og det blir slutt på Måndagsmiddagane.


Heimeside:

Kari og Luke på Nestestog vil laga heimeside og drive den for dette arbeidet.

Skal det vera heimeside for grendelaga eller er det berre for dette mobiliseringsarbeidet?

Me treng oppslagstavle, men kvar skal den stå så det blir lagleg at folk kjem og ser kva som står der og brukar den?

Fint med nettside, men me må hugse på at ikkje alle er på nettet, og korleis skal vi syte for at informasjonen kjem fram til ALLE? Me må finne ut kven som ikkje har tilgang og syte for at dei får opplysningane/papir om det. Og alle har ei postkasse!

Darius vil laga oppslagstavle!

Vi takkar ja til tilbodet frå Nestestog om heimeside for dette arbeidet.

Heimesida til Vinje kommune kan ha link til oss.


Kva skal heimesida heite?

Me bør  hava sama namnet på heimesida som på prosjektet.

Framlegg: “Mogane City”, “Midt i verden”, “Ljosbrotaren”.

Fleire framlegg..........


Anders Sandvik tek imot framlegg i løpet av påska  Frist 14.april


2. Fylle ut arbeidslister:


Dei 44 som skreiv seg på lister for å vera med vidare i dette arbeidet, hadde mange gode framlegg til kva dei kan gjera/vera med på.  Anders har samla desse framlegga i 4 arbeidsområde:

- Musikk/kor/dans

- Traktor og sjaugjeng.

- Litt av kvart.

Listene vart sende rundt så folk fekk sjå kva liste dei stod på, eller kunne skrive seg på.

Kva med folk til komitéarbeid, så som 17.mai og joletrefestar?

Det er alt henta folk frå listene til å vera med i 17.maikomiteen i år!

Sjølv om folk skreiv seg på listene så er dei ikkje forplikta til noko.


3. Kontaktpersonar for arbeidslaga:


Kvar arbeidsgruppe bør hava ein kontaktperson som er bindelekken til styret for mobiliseringsarbeidet:

Måndagsmiddagane:  Ellen Nordstoga.

Musikk/kor/dans:  Sonja Sandvik ?

Traktor og sjauegjengen: Olav Rui

Litt av kvart: Kari Tellefsen.


Vinje grendelag har drive med søppelplukking langs E-134 i mange vårar,  frå  Særensgrend til Svingen..

Tak på refleksvest og hanskar og møt ved Bøgrendbue kl  18  13.mai og bli med.

Nokon meinte at dette er ulovleg, nokon ikkje, så då blir det som før!


4. Opprette arbeidsutval/styre for bygdemobiliseringa:

Me må vera veldig klare på at det som blir gjort innan mobilserings-

arbeidet ikkje er i konflikt med dei 3 grendelaga me har i denne skulekrinsen.

 

Styra i grendelaga bør vera representerte i arbeidsutvalet.  Det er  ein god måte å halde hånd om prosessen.

Det bør i så fall handsamast i kvart av styra kven som skal veljast.


Arbeidsutvalet bør ha 6 personar, 3 frå grendelagsstyra og 3 andre.

Kan dei som no vart kontaktpersonar for dei ulike arbeidsgruppene bli med i arbeidsutvalet? Nei, mobiliseringa bør spreiat på fleire, så bør finnast andre til utvalet!


Kva skal arbeisutvalet gjera ?

Vera pådrivarar, ansvar for prosjektet og kanskje ein prosjektleiar.

Tenkjer at dette er eit anna plan enn Grendelaga, meir som det arbeidet som er gjort i Øyfjell City.

Der starta arbeidet opp for å behalde bua, skulen/barnehagen.

Me ynskjer ikkje å kopiere arbeidet i Øyfjell city, men fleire har tenkt på ein prosjektleiar, og at det må søkjast  kommunen om å få midlar til det.

Arbeidsutvalet må vera ein motor og drive arbeidet vidare.


Framlegg om 2 frå kvart grendelag  til arbeidsutvalet+ Anders.

Øyfjell City  held fram som prosjekt no på 4.året. Me bør kunne draga nytte av deira erfaring. Kva førde fram? Dei har lykkast. Skal byggje 4 prøvebustader og det er god von om å få fylle dei.

Me har mange kvalitetar i denne skulekrinsen. Det er ein kvalitet i seg sjølv å ha ein dugnad for bygde.


Kva kan vera eit mål for dette arbeidet og som kan mælast?

Måndagsmiddagen er lett å mæle, på interessa og frammøtet!


MÃ¥l:

1. Halde på dei folka som bur her.

2. Gjera det synleg for  folk  utanfrå at det er godt å bu her, så

området blir meir ettertrakta.

Fleire støttar den målformuleringa. Og minner om at fin utsikt, fjell og vatn er det mange stad.  Det er menneska som bur her som gjer den særskilte kvaliteten.

Ja, lykkast me med dette arbeidet, så er det håp om fleire elevar her på skulen au. I 2013 er det berre 19 elevar, slik det ser ut no!


Det må satsast på bustadbygging og, ja, og få folk i dei tome husa!

 

Ja, visjonen må vera tydeleg:

Dei som alt er her må ha det så godt at dei vil bli,

at nye må koma til,

få auke  elevtalet her

og fylle dei tome husa og leggje til rette for tomter og husbygging.


Ja, kva blir det til, skal folk frå styra i grendelaga vera med i arbeids-utvalet? Nok med ein frå kvart, kanskje?

Må få med nokre yngre og! Og kva med Særensgrend?


Grendelaga har invitert til denne mobiliseringa, men dei har ikkje lova noko meir enn det. Det må vera friviljug. Kanskje me heller må spyrje kven som er huga på å vera med i arbeidsutvalet, utan å knyte det opp mot grendelaga?

Det er viktigast at dei som blir med har lyst til det!


Kven har lyst?, spør møteleiar Anders:

Etter litt att og fram hadde fylgjande kome fram til at dei har lyst til å vera med:

Anders, Eric, Anne Ro, Britt R og Ellen N.

Anders kallar inn til fyrste møtet.

Silje Villhodd  skulle spyrje om Inger Lise Ullsvik vil vera med.

Anne Kristin H.E. måtte reise frå møtet, men sa at ho kunne ringjast til dersom det var snakk om val til eitkvart.


5. Ymse:

Olav Nordstoga:  Det foregjeng registrering av husmannsplassar hera. Finns det gamle foto, helst med namn og når det teke.?  Kjekkhuslandsgota? Veit nokon om foto av den?  Eller anna?  Sei frå til Olav!

Silje Villhodd heve fengje 3.- og 4.klasse på Vinje oppvekstsenter til å teikne framtidsdraumar for  skulen og området i kring.:

Fantasien har blomstra i teikningar og utsegn:

Alle trapper blir til rulletrapper. Heile Vinjar blir laga av gull, diamantar og godteri. Godteriautomat der du kan kaupe kva du vil for 1 krone!       Bowlingbane, Golfbane. Karusell med av/på.knapp. Tennisbane. Paintballbane. Graskledd fotballbane. Stort akvarium med haiar og selar. Utsiktstårn. Både skulen og gamleheimen må ha Playstation 3. Byggje kafè. Skulpturar rundt skulen. Hotell. Skatebane. Kunstisbane for ishockey og kunstløp

Møtet slutt omlag kl 21.                  Skrivar Anne T.R.

 

Web Design: kandesign

elektronik sigara

film izle

vpills