Liv i Vinje

Styremøte Livivinje 4.mars 2010

Vinjar kl 1930

Desse møtte: Anne Romtveit, Eric Christenson, Anders Sandvik, Britt Rønningen.
Prosjektkoordinator: Silje Hegg
Desse møtte ikkje: Ellen Nordstoga

Sak 1: Arbeidsgrupper og kva så?

Silje informerer styret:
Så langt har me hatt møte i desse førebelse arbeidsgruppene:

-Bustadgruppa. Har kartlagt alle tome hus/hus me lurar på om er tome og funne eit forslag til tomteområdet. No skal me systematisere dei tome husa i ulike kategoriar. Dei fleste må me berre ringe til for å høyre korleis stoda er, nokon bør få brev frå prosjektet med oppmoding om å ta omsyn til utfordringane me har med bustadmangel og folketalsutvikling i distriktet. Så skal me skrive eit innspel til kommunens arealdel på eit foreslått tomteområde sjølv om me ikkje har sjekka terrenget der. Det gjer me til våren saman med ein byggesakshandsamar og kanskje arealplanleggar. Arealplanleggaren syntest det såg litt bratt ut på kartet. Elles er det ikkje arealdelen som er flaskehalsen i dette arbeidet. Om det kjem opp betre forslag til tomtefelt seinare, eller det gruppa har foreslått syner seg å vera ugunstig, så skal det gå bra fordi kommunen er positiv til spreidd bustadbygging. På spørsmål om kva kommunen tenkte om kommunalt versus privat tomtefelt var svaret at det måtte me nok spørje rådmann, økonomisjef og teknisk etat om. Dei vil legge vekt på om det er økonomisk fornuftig.

-Språk & landskap: dei tre som skreiv seg på liste i den gruppa ville jobbe med registrering av stadnamn. Prosjektkoordinatoren skal spørje kommunen om dei har eit lagleg digitalt system for slik registrering. Dei startar i Vinje fordi det er der dei er kjende, men ynskjer å få med seg folk med god kjennskap til dei andre grendene.

-Kulturgruppa, som kanskje blir ei teatergruppe og barnesongkorgruppe + ei ressusrgruppe som kan hjelpe prosjektkoordinatoren med å ta imot gode idear og delegere dei vidare ut til folk som kan ha lyst til å utføre. Gruppa kallar inn til interessemøte for teater/revy-gruppe etter påske. No har me nok å gjera med Paafonndajen.

-Facebook-gruppa: akkederer for tida via facebook. Sida er kopla til Twitter, men er ikkje publisert enno pga manglande innhald. Håpar å få med den yngre garden til å vera aktive og gjera den sida levande og gjennom det få eigarskap til prosjektet.

-Velkomst og Integrering. Ikkje tatt tak i enno. Ikkje det som hastar mes med mindre me skal gjera integrering til eit nøkkelpunkt i prosjektplanen. Uansett: dei som skreiv seg på lista på stormøtet vart forespegla ein meir lett vertskaps-jobb for folk som evt flyttar hit.

-Treng me ein rydde-gjeng for stiar og gamle vegar?
Det finst ei gruppe som har jobba med dette sidan 2007 alt.Vinje på tvers heiter gruppa.

Anders les sitat: Av og til må man ta steget ut i det store intet og så håpe det finnes noe å stå på der. Annbjørg Lien

Sak 2: Kva gjer me med prosjektplanen?

Silje presenterer ei førebels grovskisse og nokre idear ho har drøfta med Næringssjefen. Ho skal i møte med fylket for å få greie på kva dei krev av ein søknad til prosjektstøtte onsdag 10.mars. Her er mange omsyn som skal takast for å få støtte; bygdi sine ynskje, kommunen sine, fylket sine og departementet sine.

Frustrasjon: På slike kveldsmøte som dette vert det for lite tid til å vera kreative. Styret burde møtast ein dag og ha god tid til å jobbe med prosjektplanen. Vanskeleg for fleire å setje av tid i helgene.
Det vart avgjort å starte tidlegare på neste styremøte. Kl 17. Eta middag saman og så ha heile kvelden i det minste.

Sak 3: Korleis står Paafonndajen?

Det er kalt inn til møte på Vinjar torsdag 11.mars kl 1900, for dei som skreiv seg på liste + Åsne Vesaas og Svein Verpe som var med og arrangerte i fjor. Britt og Anne kjem, og kanskje Anders, han vil ha Ta Sjansen.
Anne fiksar nykjel til Vinjar den kvelden.

Silje har kalla inn til møte med dei 3 grendelaga neste veke for å drøfte korleis me best kan samarbeide.

Sak 4: Ymse

-Kven fiksar konto og tilgang, delutbetaling frå VK, reiknskapsførar?
Anders fiksar konto og reiknskapsførar.

 

-Namnelistene Vinbyggjar 25-40 år er reinskrivne, kven skal me sende brev til? Alle, eller berre dei som er utflutt?
TIL ALLE! 119 stk.

-15.mars er det årsmøte i Vinje grendelag kl 18 på Breihjot. Anne vil gjerne at nokon andre frå styret i Livivinje møter og!

-Det har kome innspel frå Marvin Haugen om tiltak i Vinjesvingen.
Silje undersøker med kommunen.

-Kampsong! Neste møte må me planlegge korleis me gjer dette.

-Leige av Vinjar: Hjartesukk om korleis det opplevast å arrangere ting på Vinjar for tida, i samband med Gunnbjørg Odden-kvelden: Få tak i mikrofonar, veldig tungvindt. Utruleg mange telefonar. Styresystemet for ljoskastarane er sporlaust borte. Scena er ikkje ferdig. Og kven skal betale kva? Arrangørane har laga fotoutstilling og songhefte og hatt ein god del utgifter. Dei tek 50 kr inngang for å dekkje dette, og så må dei betale leige i tillegg! Det private initiativ får mykje motgang her. Det er eigentleg vaktmeisterane som har med alt det praktiske å gjera. Me skulle hatt fast vaktmeistar som før.

Me har også blitt kontakta av andre eldsjeler som føler at deira initiativ lir under leigeavtala med kommunen.

Me må prate om denne ordninga med Signe Marie (kultursjefen) og Jenny Høgset som styrer med utleiga i kommunen. Det er ikkje gunstig om leigeavtala kveler lokalt initiativ for å få til aktivitet på Vinjar.
Silje og Anders tek kontakt med kulturkontoret om saka.

 

Neste møte i styret vert onsdag 17. mars kl 17.00 hjå Eric i Smerklepp.

 

Ref.

Silje Hegg

Prosjektkoordinator

Web Design: kandesign

elektronik sigara

film izle

vpills