Desse møtte:
Eric Christenson, Ellen Nordstoga, Britt Rønningen, Anders Sandvik, Anne T. Romtveit.
Prosjektkoordinator: Silje Hegg
Tid: kl 17-23
Stad: Smerklepp
Â
Møtet var sett av til å jobbe med søknaden til Kommunal- og Regionaldepartementet (KRD) sitt stadutviklingsprogram Bolyst 2010. Me må ha inne eit forslag på ferdig utfylt skjema til fylkeskommunen innan fredag 19.mars. Måndag 22.mars skal fylket i møte med KRD og då er det greit for dei å ha noko handfast frå dei ulike prosjekta som ynskjer å søke.
Silje var i møte med fylket 10.mars og det er mange om beinet i Telemark. Fylket kjem til å velje ut 3-4 prosjekt i Telemark som dei tilrår KRD å satse på. Dei fleste som søkjer vil m.a.o. IKKJE få støtte, så me må vera førebudde på avslag. Den endelege fristen for innsending av søknad til fylket er 12.april. Då har dei ein knapp månad på seg til å velje ut nokre prosjekt dei vil tilrå KRD å støtte. Fristen i KRD er 3.mai, og dei som ikkje har fått svar innan 11. juni, dei får ikkje støtte.
Me har i søknaden berre 250 ord å presentere prosjektet på, så det bør vere 250 gode ord. Silje hadde laga eit framlegg på denne omtala på 250 ord. Styret gav tilbakemeldingar på kva dei meinte burde endrast, og Silje skal prøve å lage eit nytt utkast utifrå desse signala. Ho sender det nye utkastet til styret på høyring før ho sender det til fylket på fredag 19.mars.
I dette programmet må me få pilotstatus dersom me skal ha sjanse på å få støtte. Det vil seie at det me gjer skal vera noko heilt nytt, som skal ha nasjonal læringsverdi/overføringsverdi. Dette gjer at me er nøydde til å spisse prosjektet veldig og det er utfordrande fordi me samstundes ynskjer å ikkje virke ekskluderande i høve til målgruppe. Styret var einige om at dei ikkje ville gå på akkord med prosjektets grunnleggjande mål om brei inkludering. Me søkjer ikkje pengar for ein kvar pris og kan ikkje vera vêrhanar ettersom pengesekkane endrar kriteriar. Me må stole på den leia me har staka ut så langt. Me bør som før sagt også sjå oss om etter andre finansieringskjelder enn dei offentlege.
Elles: Me må få til eit møte med kommunen om eigarskap, forankring og organisering av prosjektet. Dette er saker me må ha greie på når me søkjer om midlar. Anne tek kontakt med kommunen på vegne av styret, for å få til eit slikt møte. Det må bli i neste veke pga søknadsfristen 12. april.
Â
For styret,
Ref. Silje Hegg