Liv i Vinje

Referat frå styremøte Liv i Vinje 24. mars 2010

Desse møtte: Anne T. Romtveit, Anders Sandvik, Britt Rønningen og Ellen Nordstoga. 
Prosjektkoordinator: Silje Hegg
Desse møtte ikkje: Eric Christenson
Stad: Vinjar
Tid: 18-20

 

Møtet med kommunen 23. Mars:

Me hadde møte med ordførar og rådmann i kommunehuset 23.mars: Me er veldig nøgde med møtet. Møtet var klargjerande på mange nivå. Kommunen går inn som juridisk eigar av prosjektet, medan styret må vera dei praktiske eigarane. Det er viktig at krafta kjem nedanfrå. Kommunen kan gjødsle, men ikkje så. Me avventar avklaring på om kommunen kan vera arbeidsgjevar for prosjektkoordinatoren, eller om styret må ta på seg det ansvaret. Me må leige inn nokon til å ta reiknskapet. Dette kostar pengar. Me sjekkar ulike løysingar på dette når me veit korleis det vert med kommunen og arbeidsgjevaransvar.

Styret må uansett lage ei arbeidskontrakt med prosjektkoordinatoren.

Søknaden til KRD:

Me må hugse å få med politiske vedtak_ 

Frå fylkeskontakten fekk me ein generell e-post etter deira møte med KRD. Der minte dei oss på at læring er eit viktig moment for KRD. 

Dersom me skal gjere noko som andre kan lære av kan me kanskje freiste å artikulere noko som mange stader har felles, som eit utgangspunkt. Finn me ei ny-smart løysing på ei felles utfordring kan me kanskje oppfylle lærings-kravet til KRD.

Silje jobbar vidare med søknaden og den store prosjektplanen, og plukkar delar av denne til vedlegg til KRD-søknaden. Bilete er viktig å få med. Luke tek frå paafonndajen + middagen. Silje spør Ingebjørg Bø (TA) om bilete frå måndagsmiddag.

 

YMSE:

Innspel til kommunenplanens arealdel

Silje spør kven ho kan kalle inn til møtet i bustadgruppa der dei skal starte med å lage eit innspel til kommuneplanens arealdel. Me treng oversikt over arbeidet som er gjort i høve til: 1.gang-og sykkelveg, og 2. Rydding av turstiar- og vegar. 
Forslag: Anne Råmunddal og Bente-Lene Sveinson. Til saman skulle desse ha god oversikt over arbeidet som er gjort.

Registrering av dugnadstimar

Silje føreslår at me utset registrering av dugnadstimar til eit evt. hovudprosjekt fordi: 1. Det er tidkrevjande å lage systemet og å få folk til å melde inn timar. Dersom me nyttar dette som eigeninnsats i eit budsjett krev det også veldig nøyaktig rapportering og reiknskapsføring. 2. Me kan ikkje søkje om meir einn 200 000 av Bolystmidla, og med midla frå kommunen har me allreie oppfylt eigenandelen på 50% og vel så det. Anders har eit forslag til system me kan nytte. Silje føreslår at me nyttar forprosjektet på å leggje til rette for ei god gjennomføring av dette systemet. Styret går med på dette. 

Me kan likevel gjera eit godt overslag på den innsatsen som vert lagt ned, for synleggjeringa si skuld. Anders gjev eit kjapt døme: Måndagsmiddag 40 gonger i året x 15 timar x 150 kroner = 600 timar = 90 000 kr i dugnadsinnsats.

Kva reiknar ein ein dugnadstime til? Det kan korkje kommunen, fylket eller departementet gje eit klart svar på. Det kjem an på programmet/potten/pengesekkjen ein søkjer på. (Når det gjeld Bolystmidla oppfordrar KRD til moderasjon når det gjeld å verdsetje dugnadstimar.) I Tokke reiknar dei 100 kr for ein “mannetime” og 150 kr for “mann med maskin”. Styret synest det er litt lite. Kanskje 150 kr og 200 kroner er passande.

Folkteljing

Kan nokon ta ansvar for det?

Silje spør Telemarkforsking, evt sjekkar folkeregisteret., fyrst. Kan me få eit nøyaktig tal på kor mange som faktisk bur her derifrå? Mange unge melder t.d. ikkje flytting sjølv om dei studerer ute. Har Telemarkforsking kontroll på dette? Etter det kan me prøve å få nokon til å halde oversikten over dette, evt. gjennomføre ei ”folketeljing”.

Her ligg det også potensiale for nyttig læring: Ein kan spørje dei som evt. flyttar hit kvifor dei kjem.

Velkomstgåva til nye innbyggarar: Ellen kontaktar handverkslaget.

Styresamansetting

Styret er sårbare viss nokon blir burte. Kan me ha 2 vara? Forslag: ein frå Mogane og ein frå Særensgrend? Alle er einige om at det er ein god idé.

Så måtte me avslutte fordi nye møter venta. Me avtalar neste møtedato per e-post.

Ref. Silje Hegg

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Web Design: kandesign

elektronik sigara

film izle

vpills