Den store jobben med å konkretisere tiltak og skrive ei prosjektskildring for Livivinje er i startfasa. Me har ikkje mykje tid på oss før søknadsfristen til Kommunal- og regionaldepartementet går ut, så det er viktig at folk ikkje brenn inne med idear!
Ring prosjektkoordinator Silje Hegg på tlf. 95 81 61 18, eller skriv til ho på e-post: silje@livivinje.no. Vil du helst ta ein prat under fire augo kan Silje koma på besøk eller ta ein kaffe med deg ein eller annan stad. Elles må de huke tak i ho når ho er på måndagsmiddagar.
Når de er på måndagsmiddag kan de også leggje forslag i forslagskassa som står ved inngangen. Om de skriv på namn og nummer kan me ta kontakt og drøfte ideane med deg, men det er også lov å vera anonym om ein vil det.
Me prøvar Ã¥ etablere nokre arbeidsgrupper som skal jobbe med ulike tema i prosjektet. SÃ¥ langt har me hatt eitt møte i bustadgruppa og i neste veke (veke 9) skal det vera møte i to grupper som inntil vidare har arbeidstittel â€kulturgruppa†og â€sprÃ¥k og landskapâ€. Kva desse gruppene skal jobbe med og korleis me organiserer arbeidet best mogleg mÃ¥ me finne ut saman. Det vert nok fleire arbeidsgrupper etterkvart, sÃ¥ det er berre Ã¥ koma med gode forslag!
Alle er hjarteleg velkomne til å bli med i dei arbeidsgruppene som så langt er i gang, og i nye grupper som måtte dukke opp etterkvart! Folk har ulike kvardagar og ulike moglegheiter til å bidra. Har du litt lyst, men er usikker på om det er noko som passar for deg, så ta kontakt med Silje for ein prat.