Liv i Vinje

Som eit ledd i bygdemobiliseringa er me i gang med eit større bruprosjekt. Ellen Nordstoga er initiativtakar til å få sett opp ei større gangbru over Smørkleppåi eller Vinjeåi som ho òg vert kalla. Prosjektet skal gjennomførast som eit kurs i tradisjonell brubyggarkunst.  Målet er mellom anna å knytte grendene saman, slik at det skal vere mogleg å ta seg fram i bygda utan å måtte drive ekstremsport som fotgjengar på E134.

Prosjektet har fått økonomisk støtte frå fleire hald, og no er det lokale dugnadskrefter som har sytt for at me har kome skikkeleg i gang. Traktor- og sjauegjengen har hatt fleire lange økter med både traktor, motorsag, øks, barkespader og kaffe-lars.

Siste nytt no var at Øystein Romtveit og Svein Verpe fekk låne kraftig høytrykkspylar frå Tradisjonsbygg i Morgedal og kompressor og pumpe frå brannvesenet. Resultatet var søkkblaute klede og perfekt berkt timmer. 40 store furustokkar er no ferdig berkt, og ti står att. Dette er knallhardt arbeid som me mannfolk likar. Det gjer heller ikkje noko at det blir servert bålkaffe og gode historier til arbeidet. Trur alle som har vore med så langt er samde i at dette er ein triveleg omgangsform. Ellen kjem til å skrive meir detaljert om prosjektet seinare.


Laurdag 25.april var det vårleg på Brendås ved Veggsfjødd. Seks karar barka på så sveitten rann. Ikkje ille å vere ute i slikt ver.


Her syner Svein Verpe korleis ein skal barke på gamlemåten.


Svein kom køyrande på motorsykkelen han kjøpte som ny då han var ung. Fint skal det vera!

 

Web Design: kandesign

elektronik sigara

film izle

vpills