Liv i Vinje


Referat styremøte Liv i Vinje torsdag 31.mai

Stad: Vinjar
Tid:
17.30-20.30
Tilstades:
Anders Sandvik, Anne Romtveit, Eric Christenson og prosjektkoordinator Silje Hegg
Desse møtte ikkje:
Britt Rønningen og Ellen Nordstoga (friteken for sommarsesongen)

 

Sak 1: Nytt og godt sidan sist.
Triveleg 17.mai-feiring. Over 180 folk totalt. Bra arrangement, skulen var flinke.
Dei på Midsæ fekk eit kort velkomstbesøk. Betre seint enn aldri, det har vore planlagt lenge. Dei fekk grendekalender (Vinje grendelag) og eit kort av Terje Grøstad med helsing frå Liv i Vinje og Vinje grendelag.

Sak 2: Silje har ordet.
Har me gjort det me skulle jmf sist møtereferat? Anne har snakka med Arne i Vinje grendelag om jonsokfeiring. Han skulle ta det opp med dei andre grendelaga. Me fyljer det opp og syter for at det vert noko av dersom grendelaga ikkje tek det. Britt har kalla inn til evaluering av Paafonndagen, det er bra! Anders har ikkje teke tak i dugnadstime-systemet, men det er ikkje bråhast, det viktigaste er at det er innarbeidd før eit evt. hovudprosjekt tek til i 2011.

Songtevlinga

Informasjon om konkurransane vert spreidd i desse kanalane: VTB (annonse), bygdebrev, Blåmannavisa, heimeside, facebook/twitter, iallfall.
Silje fekk godkjenning av lysingstekst for VTB og innspel til kva som bør stå i bygdebrevet. Bygdebrevet skal ut før sommarferien. Me må få hjelp til å fordele det til alle postkassene. Silje sender tekst til Blåmann så snart detaljane er klare etter møtet med handverkslaget 2.juni, og får ut oppdatert informasjon i dei andre kanalane også.

Silje spør rektor og lærarar på skulen kva dei trur om at ungane er med på innspelinga av vinnarsongen.

Innspeling i desember føreslår produsenten.

Kan me lage musikkvideo også (filme på innspelinga m.a.)? Kven kan filme? Har me nokon lokale? Silje kjenner fleire filmfolk frå andre delar av kommunen. Dette hastar ikkje. Tek det evt. seinare.

Kven sit i juryen? Skal me ha folkejury og fagjury? Dette er heller ikkje bråhast. Silje ringer og spør nokre musikkfolk som kom opp som forslag.

Info som må ut til folk: Juryen får ikkje vita kven som har levert forslaga til tevlinga.

Fotokonkurransen

Dei som kan i styret og Silje skal ha møte med VHL på Haugsæl onsdag 2. juni kl 18. Eric, Anne og Anders har sagt at dei kan bli med.

Det er mange spørsmål me må diskutere, og mange detaljar som må avgjerast. Silje har laga ei liste over spørsmål og sendt til styret, som eit utgangspunkt for møtet med VHL.

Skulen

Silje skal ha møte med skulen torsdag 3.juni for å høyre kva dei tenkjer og finne ut om dei er interesserte i eit eller anna type samarbeid. Det er sentralt for prosjektet å finne ut av dette fordi skule er ein sentral institusjon i ei bygd. Både med tanke på trivsel for dei som alt bur her, og med tanke på kva som er viktig for potensielle tilflyttarar med born i skulealder.

Brev

Målet er å få ut brev til alle frå 25-40 år som har gått på Vinje Skule før sommaren. Brevet skal innhalde litt informasjon prosjektet, om konkurransane, om festival viss det blir o.s.b.

Næringsprosjekt

Prøve få til eit møte med ein liten gjeng potensielle heimattflyttarar før sommaren. Må berre starte ein stad og så utvide etterkvart. Uformelt, berre for å koma i gang med tankeprosessen saman.

Siste nytt på galskapsfronten

Asgaut Bakken og Havresekken Bukking arrangerer festival i krinsen 6.-8.august. Bøgrend Auto har ei sentral rolle i arrangementet.

Turvegar

Mykje er gjort og vert gjort når det gjeld sti- og sykkelnettverk i krinsen: Kan innsatsen samlast og vidareførast i ein overordna strategi? Ei eiga arbeidsgruppe med eit mål og ein plan? Kanskje bør stadnamngruppa vera ein del av denne gruppa?

Til opplysing: Vandrararregionen er eit prosjekt som vert drive frå Vest-Telemark Næringsutvikling. Dei har nett fått fullfinansiering. Dei har 2 pilotar i kvar kommune. Vinje kommune har vald ut turen frå Mjonøy til Smørklepp som ein av pilotane sine. Prosjektet vil presse kommunane til å tenkjer strategi og kvalitetssikring. Sti-og skiltplanar og drift-og vedlikehaldsplanar er sentralt. Kommunane og fylket skal rullere idretts-og friluftslivsplanane sine no, og der er det auka fokus på friluftsliv.

Anders kallar inn Vinje på tvers-gruppa til møte saman med stadnamngruppa etter jonsok. Samkøyring, felles plan. Andre som kan kallast inn er kanskje Arne Reine, Arne Skjevik, Sigrid Vesaas (og Silje) m.fl.?

Nytt innspel

Vinje segle- og regattaklubb. Er skulane interesserte i å vera med? Kari Styren og Terje Haugen kan vera instruktørar. Søke Gåvefondet til sparebankane? JA! Silje undersøker med banken.

Folketeljing

Tips til kven eg kan ta med på køyretur i dei ulike grendene? Nokon som veit kven som bur i alle husa og kvar alle husa er. Er det viktig at me har det så nøyaktig? Korleis skal ein klare å halde oversikt over kven som flyttar ut og inn gjennom heile prosjektperioden? Utfordrande. Naudsynt? Me snakkar om korleis me gjer det på neste møte!

Sak 3. Jonsokfeiring

Som skrive over har Anne sendt ballen vidare til grendelaga. Anne høyrer med Arne korleis det ligg an. Det er ikkje lenge til no!


Sak 4. Ymse

Innspel og spørsmål frå Anne
Idekokeriet, kreativt fellesskap: Anne les presentasjon.
Er me fornøgd med at det ikkje er turistinformasjon i Vinje, og berre på Rauland?
Fyresdal-døme: kaffemaskin-møtestad?
Kva skjedde på VT-treff på Smuget?
Innbyggartal VTB: Vinje og Seljord fram!
Fleire høgt utdanna i VT no enn før.

(Me tek ein runde på dette på neste møte, føreslår referenten…)

Neste møte er onsdag 9. Juni kl 20.00 på Vinjar

Ref. Silje Hegg
Prosjektkoordinator

 

 

Web Design: kandesign

elektronik sigara

film izle

vpills