Liv i Vinje

Fotokonkurranse: Liv i Vinje

Motiva skal vere frå området som vert omfatta av prosjektet: Vinje skulekrins (f.o.m. Særensgrend t.o.m. Grungebru i Vinje kommune.)

Du kan tevle i 6 kategoriar:

-Bygde mi

-Kvardag og fest

-Natur

-Menneske

-Arkitektur

-Open klasse (oppstilte og manipulerte motiv vert sett pris på)

Det skal tevlast i 2 klasser: Barne/ungdomsklasse og vaksenklasse (16 år og oppover)
Bileta skal vera nye, helst frå 2010 og 2011.
Maks 5 bilete per deltakar.
Svart/kvitt eller fargar.
Juryen får ikkje vita kven som har sendt inn dei ulike bidraga.

Dette er ei open konkurranse, og du treng ikkje å bu i Vinje for å delta.

Bileta må vere oss i hende innan 19.05.2011

Send bileta dine digitalt til e-post: silje@livivinje.no. Viss du ynskjer kan du også sende dei på papir eller på cd i posten til Liv i Vinje, v/Silje Hegg, 3890 Vinje.

NB:

-oppgje om du tevlar i barne/ungdoms- eller vaksenklassa.

-skriv kva for kategori du ynskjer å tevle i med dei ulike bileta.

-fortel gjerne kva du har teke bilete av, eller lag ein tittel til biletet ditt.

-legg ved namn, adresse, telefonnummer og e-postadresse.

NB! Bileta må kunne brukast fritt i promoteringa av prosjektet og skulekrinsen, på trykt materiell og på internett.

Premie: Heider og ære. Dei beste bileta vert ein del av Vinjeutstillinga 2011! 
Stor fest hausten 2011 med visning av alle innsendte fotografi på stort lerret!

NB! Ta kontakt om du er usikker på noko.
Kontakt: silje@livivinje.no , tlf: 95 81 61 18

Arr: Liv i Vinje og utstillingsnemnda i Vinje Handverkslag.

Me vil prøve å få til nokre fotokurs i løpet av året. Kom gjerne med innspel til kva du ynskjer å lære meir om på eit fotokurs.


19-07-2010

Web Design: kandesign