Liv i Vinje

Fotokonkurranse: Liv i Vinje

Motiva skal vere frå området som vert omfatta av prosjektet: Vinje skulekrins (f.o.m. Særensgrend t.o.m. Grungebru i Vinje kommune.)

Du kan tevle i 6 kategoriar:

-Bygde mi

-Kvardag og fest

-Natur

-Menneske

-Arkitektur

-Open klasse (oppstilte og manipulerte motiv vert sett pris på)

Det skal tevlast i 2 klasser: Barne/ungdomsklasse og vaksenklasse (16 år og oppover)
Bileta skal vera nye, helst frå 2010 og 2011.
Maks 5 bilete per deltakar.
Svart/kvitt eller fargar.
 Juryen får ikkje vita kven som har sendt inn dei ulike bidraga.

Dette er ei open konkurranse, og du treng ikkje å bu i Vinje for å delta.

Bileta må vere oss i hende innan 19.05.2011

Send bileta dine digitalt til e-post: el@vtnu.no. Viss du ynskjer kan du også sende dei på papir eller på cd i posten til Liv i Vinje, v/Elisabeth Lid, Granlivegen 1A, Veksthuset, 3850 Kviteseid.

OBS! Del opp sendinga i fleire, kanskje eitt og eitt bilete, elles kan e-posten bli for stor til saman.

NB:

-oppgje om du tevlar i barne/ungdoms- eller vaksenklassa.

-skriv kva for kategori du ynskjer å tevle i med dei ulike bileta.

-fortel gjerne kva du har teke bilete av, eller lag ein tittel til biletet ditt.

-legg ved namn, adresse, telefonnummer og e-postadresse.

NB! Bileta må kunne brukast fritt i promoteringa av prosjektet og skulekrinsen, på trykt materiell og på internett.

Premie: Heider og ære. Dei beste bileta vert ein del av Vinjeutstillinga 2011!

NB! Ta kontakt om du er usikker på noko. 
Kontakt: el@vtnu.no, tlf: 40 85 77 48

Arr: Liv i Vinje og utstillingsnemnda i Vinje Handverkslag.

Me vil prøve å få til nokre fotokurs i løpet av året. Kom gjerne med innspel til kva du ynskjer å lære meir om på eit fotokurs.


Web Design: kandesign

elektronik sigara

film izle

vpills