Liv i Vinje

Det fyrste allmøtet for å lodde stemninga for ei teatergruppe i Vinje var måndag 6.sept. Det vart bestemt at me tek tak i stykket om Brakar og Johanna, skrive av Geirr Lystrup. Der er det både vaksen- og barneroller, og mykje fin musikk. Me tek det roleg i starten og brukar litt tid på å bli kjende med kvarandre. Dette blir garantert moro, så sleng deg med!

Me treng ikkje berre folk som vil spele roller, men også folk til å lage kostymer, kulisser, til å synge og danse og spele musikk, og statistar som ikkje treng å seie noko på scena. Du treng med andre ord ikkje vera skodespelar for å bli med på dette! Me treng mange forskjellige folk, store og små, gamal og ung, og så tilpassar me stykket etter kven som blir med.

På det fyrste møtet var me også så heldige at det dukka opp ein teaterpedagog frå Byrte! Så no skulle me vera i gode hendar!

Neste veke skal arbeidsgruppa ha eit møte og legge ein plan for fyrste samling på Vinjar. Når planen er klar skal de få meir informasjon! Følg med!

Har du spørsmål kan du ringe til Signe Bråstøyl (tlf. 92 66 74 83) eller Sonja Sandvik (tlf. 99 69 06 88)

 

Web Design: kandesign

elektronik sigara

film izle

vpills