Songen skal vera ein hyllest til grendene i prosjektområdet; Vinje skulekrins (f.o.m. Særensgrend t.o.m. Grungebru i Vinje kommune.)
Tips til komponisten/diktaren:
-rim og rytme er ikkje å forakte
-er det noko i den musikkulturen Vinje er kjend for du kan la deg inspirere av?
-kan songen vera lokal og universell samstundes?
Du kan velje om du berre vil skrive ein SONGTEKST, eller om du vil prøve deg på å lage både TEKST og MELODI. Juryen vel den songen dei ser mest potensiale i, uavhengig av om det følgjer melodi med eller ikkje. Dersom vinnaren vert ein songtekst utan melodi, syter me for at melodien vert tonesett på beste måte. Juryen får ikkje vita kven som har laga dei ulike forslaga.
Premie: Heider, ære og proff innspeling av songen med mange lokale utøvarar. Me vil lage ein slager! Dette er ei open konkurranse, du treng ikkje å bu i Vinje for å delta.
Frist for innlevering av song er 15.september Send forslaget ditt til silje@livivinje.no, Liv i Vinje v/Silje Hegg, 3890 Vinje
Lurar du på noko? Ring eller skriv til Silje på tlf: 95 81 61 18 – silje@livivinje.no
Arr: Liv i Vinje