Heile 9 bidrag har kome inn i songtevlinga til Liv i Vinje. Neste steg no er at juryen samlast for å velje ein vinnar. Juryen får ikkje vita kven som står bak bidraga. Bidraga vert anonymiserte så langt det let seg gjera. Jurymøtet kjem til å finne stad så fort dei 3 jurymedlemmane finn ei tid å møtast på. Det kan ta litt tid.
Mens de ventar kan de gjera som denne vesle dama og synge ein song: Inspirert av ein me kjenner...