Teatergruppa på Vinjar endrar kurs! Vi har no hatt nokre kveldar med stykket Brakar og Joanna, der vi såvidt har kikka på manus og songane som høyrer til. Etter kvart har det kome fram at dette nok ikkje er det rette spelet for alle i gruppa. Det har vore vanskeleg å få tak i nok folk til å fylle alle rollene. Vi bør finne eit nytt spel med kortare speletid og færre vaksenroller, men som er berekna på eit vaksnare publikum. Det har kome ynskje frå enkelte i gruppa om at det skal vere eit stykkje med dans og song, og det kan vi få til! Neste møte i teatergruppa blir torsdag om to veker. Det blir då eit myldremøte der vi startar på nytt og prøver å finne eit meir høveleg spel.