Vinje Historielag har tidlegare gjeve ut to bind av husmannssoga for Vinje: "Her budde dei . . . ei vandring i gløymde spor."
I 2008 kom eit bind for Ligrend, Berdal, Nesland og Mannås, og i 2009 kom bind nummer to
for Særensgrend, Tveito, Åbø, Hylland, Vehus og Tjønnegrend. Laget er no ferdige med det tredje og siste bindet.
Dette bindet omhandlar Våmartveit, Bøgrend, Vinje, Smørklepp og Mogane, og kan gjeva mykje nyttig og interessant informasjon om meir og
mindre bortgløymde plassar, og ikkje minst om dei som budde i desse grendene.
Det blir lansering av denne boka på Vinjar sundag 14. nov. kl. 16.00, med orientering om arbeidet
med boka, høve til godt kaup av dei tre bøkene, i tillegg til program og kaffe.