Stad: Vinjar
Tid: 20.00-22.40
Desse møtte: Anders Sandvik, Eric Christenson, Anne T. Romtveit, Britt Rønningen og prosjektkoordintator Silje Hegg.
Desse møtte ikkje: Ellen Nordstoga (friteken for sommarsesongen)
Sak 1. Silje har ordet
Diverse brev
Silje lagar forslag til bygdebrev og eit forslag til det brevet som skal gå ut til vinbyggjar fødd frå 1970-1985. Ho sender dette til styret innan tysdag 15.juni slik at dei får høve til å lesa gjennom og gje tilbakemelding i løpet av den veka. Etter tilbakemeldingane flikkar Silje og får hjelp til grafikk. Dersom brevet kan vera trykka og klart til neste styremøte 24. juni er det bra. Silje sender også brevet frå bustadgruppa som skal ut til folk som eig tome hus for at styret kan kikke gjennom det.
Møte med skulen
Silje har hatt møte med skulen om eit evt. samarbeid med prosjektet. Me fann ut at me i fyrste omgang skal samarbeide om informasjonsarbeid. Fyrste steg vert å lage ein presentasjon av skulen på www.livivinje.no. Dette er viktig informasjon for foreldre som t.d. vurderer å flytte til krinsen, og det er morosamt for bygdi og sjå også. Oppvekstsenteret driv med mange fine prosjekt og dette er det viktig å få synleggjort. Skulen var postitive til å vera med på innspeling av ny Vinje-song i desember, og me vart einige om ta kontakt med Byrte skule, sidan både politikarar og nokre foreldre der har lufta tanken om å flytte elevar derifrå til Vinje dersom grendeskulen der vert nedlagt. Elles vart me einige om å halde kontakten fortløpande for å sjå om det er saker det er naturleg og fruktbart å samarbeide om. Og kanskje Silje kan ta seg ein dag på skulen i ny og ne.
Kontorplass
Gamal vane er vond og vende og Silje synest ikkje det er så lett å flytte frå felleskapet og ordna forhold på sitt gamle kontor på Rauland. Styret meiner det er naturleg at ho startar med nye rutiner etter sommarferien og sit litt på gardsmatbui frå hausten av. Liv i Vinje kan spleise med bui på internettet der.
Arbeidsgrupper
Kva skjer i arbeidsgruppene? Teatergruppe; Silje har masa litt, og no ser det ut som at det skjer noko, at det vert eit møte snart. Velkomstgjengen; Anne kallar inn dei som skreiv seg på liste på bygdemøtet til møte før sommaren. Ho kallar også inn Britt frå styret og Silje. Anders kallar inn til sti- og stadnamn-møte etter jonsok for å få drøfta moglege samarbeid.
Fotokonkurranse
Må det vera nokon frå Liv i Vinje i juryen? Me har eit år på å søke midlar til proff presentasjon og kule opptrykk av vinnarbileta. Me samlar ei arbeidsgruppe som jobbar med det eter at juryen har sagt sitt. Forslag til jurymedlemmar: Kjell Bitustøyl, Eivind Kaasin.
Prosjektkontakten i kommunen
Å ha Dorthe med på styremøte. Invitere Dorthe på tur i Vinje, spise litt mat på Mjonøy, snakke litt saman om kva me ynskjer. Me finn eit tidspunkt. Silje snakkar med Dorthe om ca. når det passar, kva ho trur. Før 1.sept.
Møte med Tone Garnes ang hennar innspel
-Gamleheimen. Kan Liv i Vinje kan stå som formell aktør bak ein invitasjon til eit møte mellom ulike aktørar som kan tenkjast å samlokaliserast der? Tone har snakka med nokre alt. Styret meiner at det kan me. Innspel med engasjement og handlekraft bak er det riktig å stø opp om.
-Kunststipend. Må leggast inn i budsjettet i kommunen og det tek tid. Signe Marie og Tone er i dialog om det.
-Bruprosjekt/kunstprosjekt. Tone kan sjekke ut med fylket og kulturrådet om moglegheitar for samarbeid om noko slikt.
Styret meiner at å seta i gang eit slikt stort prosjekt er avhengig av at Tone er med som drivkraft og at ein får med fleire til å dra lasset, og så må Liv i Vinje støtte opp om det så godt me kan.
Nye innspel
1.Rydde betre utsikt i svingen mellom nedkøyringa til Sandnes og kyrkja, slik at ein kan sjå den fine utsikten som kunne vore der. Styret seier: Me har ein rydde- og sjauegjeng som står klare. Vegvesenet som eig 5 meter ut kanskje? Dei er kanskje interessert i å ha det rydda? Me må spørje om løyve frå rette vedkomande. Kven eig? Anders kan ta kontakt med Vegvesenet.
2. Flytte 60-skiltet frå aust for Vinje bru til nærmare Byrte-krysset for å dempe frekvensen av avkøyringar i svingen før brui vinterstid. Anders spør Vegvesenet om dette også. Silje spør Jon Tvitekkja om det same når ho likevel skal spørje han om dette med skilting av Vinjesvingen, som kom som eit innspel frå Marvin Haugen.
Blåmann
Det me har skrive som informasjon til Blåmann har blitt kutta ned av plassomsyn med det argumentet at me ikkje er kommunale, og at Blåmann kun er for kommunal informasjon. Me får legge det i mappa over ”underleg”.
Forslag til studentoppgåver HiT
Lage en tilrettelagt sti for barn til Finnebu. Der A O Vinje gjætte Blåmann. 2-5 timars gange. Knyte opp mot Vinje Oppvekstsenter. Typisk støylsområde i Vinje. Grunneigar m.fl. kan vera behjelpeleg med historie og stadnamn.
Framdrift
Kva gjer me før sommaren? Er nok i boks? Få ut bygdebrev, brev til dei mellom 25-40 og brev til eigarar av tome hus. Legge oppsummering av kva me har gjort så langt ut på heimesida, lage ein slags halvårsrapport og jobbe vidare med prosjektskisse og framdriftsplanar. Alt dette informasjonsarbeidet pluss anna som driv inn stadig vekk er meir enn nok å henge fingrane i før ferien.
Sak 2. Anne har ordet
Idé om dette med å få dra grendelaga meir med i liv i vinje. Viktig å ha dei med og prate om kva me er og gjer. Me må få til eit møte med dei etter sommarferien.
Silje seier at me burde vurdere eit slags ”bli her”- prosjekt. Dei som forskar på folketalsutvikling meiner norske bygder burde hatt større fokus på å få dei som er innom nokre år og så flyttar vidare til å bli verande. At ein burde ha ”bli her”-prosjekt i staden for ”kom hit”-prosjekt. Det er eit stort potensiale i følge forskarane.
Sak 3. Jonsok
Anne kan fortelje at organiseringa er igang! Arne Reine er på saka. Britt ringer Torleiv om lån av grill og seier ifrå til Arne at ho har gjort det, så dei ikkje jobbar dobbelt.
Neste styremøte er torsdag 24.juni
Ref. Silje Hegg