Desse møtte: Anders Sandvik, Eric Christenson, Anne T. Romtveit, Britt Rønningen. Prosjektkoordinator Silje Hegg.
Desse møtte ikkje. Ellen Nordstoga (fritak for sommaren)
1. Info som skal ut før sommaren
Styret gav tilbakemelding på tekstane/breva som skal ut til bygdefolk, huseigarar med tome hus, og alle som har gått på Vinjeskule og som idag er 25-40 år. Dei skal sendast ut før sommarferien (i neste veke).
Det meste av møtet gjekk med til gjennomgang av desse tekstane.
Â
2. Avslag på søknadar
Me har ingen pengar å drive for. Kva gjer me med det?
(Prosjektkoordinatoren føreslår å senke stillingsprosenten til prosjektkoordinatoren, men styret meiner ikkje dette er riktig løysing.)
Silje lagar eit nytt budsjett no når me veit kva me har å forhalde oss til, så ser me på det.
Idé:
Finansiering:
EU har regionale utvikl.midlar. Foreningen Norden, Island….
Me har satt i gang småtiltak som kostar litt pengar. Me kan ha loppemarknad eller kakelotteri.
Judith Korsgård i KRD meiner det absolutt er mest vanleg at kommunen tek seg av tilsetjing, og den biten, når det er bygdeutviklingsprosjekt som dei stiller seg bak finansielt. Det er då vanleg med midlertidig tilsetjing dersom prosjektkoordinatoren ikkje frå før er tilsett i kommunen. Me får lage ei halvårsevaluering som me kan ta ein dialog med kommunen i høve til. Det hjelper nok å får tatt eit møte mellom styret og prosjektkontakten i kommunen.
Â
Idé: Placement, kan me få tips frå kommunar som nyttar dette?
Â
3. Diverse
-Dans til Vinje-songen?
-Fotokonkurranse.
- VTNU spelar inn Finnebu-innspelet vårt til HiT, forslag til studentoppgåver.
-Me fekk ikkje støtte frå Gåvefondet til Vinje segle-og regatta klubb.
-Velkomstgruppa er i gang.
-Ryktet seier at ein del foreldre i Byrte heller vil ha ungane sine på Vinje Skule enn til Dalen. Dette fann me ut at me burde sjekke opp i. Rektor ved Vinje skule har etter det vore i kontakt med rektor på Byrte skule. Han sa at Byrtesamfunnet nok ville kjempe for å behalde skulen sin, men dei skulle leggje seg på minnet at me hadde kontakta dei, så skulle me koma attende til det om dette kunne bli aktuelt.
-Folketeljing: Tips til kven eg kan ta med på køyretur i dei ulike grendene? Nokon som veit kven som bur i alle husa og kvar alle husa er. Er det viktig at me har det så nøyaktig? Korleis skal ein klare å halde oversikt over kven som flyttar ut og inn gjennom heile prosjektperioden? Utfordrande. Naudsynt? Me snakkar om korleis me gjer det på neste møte!
-Liv i Vinje contra Livivinje. Kan me endre føresegner-teksten? Ja det kan med. No skriv me Liv i Vinje.
Â
Ref. Silje Hegg, prosjektkoordinator