Liv i Vinje

Desse møtte: Anders Sandvik, Eric Christenson, Anne T. Romtveit, Britt Rønningen, Ellen Nordstoga.
Prosjektkoordinator: Silje Hegg.


1. Nytt sidan sist?
-Bøgrend Autofest ein suksess. Mykje presse og notisar i aviser i heile landet.
-Bøgrend Auto er seld, så prosjektet der utgår med det fyrste, men me er igang med å tenkje nytt. Havresekken vil søke festivalstøtte viss eigaren av hallen er med. Bra at det var noko for ein kvar smak på festivalen. Aldersgrense var antakeleg viktig å ha, det var nok eit suksesskriterie, men det er sjølvsagt synd for dei som ikkje er gamle nok. Og datoen var bra. Vedtak: styret i Liv i Vinje støttar arrangementet dersom det skulle bli eit neste år.
- Hus til sals i Smørklepp. Kunstnar har lyst til å kjøpe.
- Bodrunde igang på Attistog.
- Heggjestøyl er seld til unge lokale folk. Kjempebra.
- Bustadgruppa var på synfaring i aktuelle nye tomtefelt saman med plansjef og byggesakshandsamar i Vinje kommune den 24. august. I utgangspunktet med eit mål om å sjekke ut høva for å etablere eit kommunalt bustadfelt i krinsen, jmf. innspelet gruppa sende i samband med rulleringa av kommuneplanen i vår.
-Teatergruppe skal ha fyrste møte etter neste måndagsmiddag.

2. VTNU som arbeidsgjevar for prosjektkoordinatoren i Liv i Vinje?
-avklare med Vinje Reiknskapskontor? Betale dei for jobben så langt.
-Invitere til møte med prosjektkontakt i kommunen? Avtale på neste møte når og kvar.

 

3. Rapport og plan til politikarane i kommunen?
Tinge ei tid i kommunestyret til å fortelje. Betre å møte opp og fortelje, dei har nok å lesa stakkarane. Dela ut bygdebrevet.

 

4. Korleis skaffe midlar å drive for?
(m.a. til gjennomføring av songtevling/innspeling av songen og til inntekt for fotokonkurransa som er tiltak som alt er sett igang)
-Forslag om loppemarknad. Kven vil arrangere det? Anne og Britt. Anne spør Øystein om me kan ha det i autoen. Me må ha ein komité. Auksjon?
-Silje må sjå om ho kan finne noko å søkje på til fotokonkurransa. Fylket. Kulturrådet. Søk også kommunen saman med handverkslaget?

-Aasmund har sagt han kan synge gratis. Det kunne me tjent litt pengar på. Kan me rò om neste gong.
-Grasrotandelen? Må ha org.nr. Berre å registrere i Norsk Tipping trur Britt.

5. Ymse
-Måndagsmiddag i gang 30. august. Annonse på laurdag. Anne fiksar annonse i VTB.
-Møteplan for styret: Annankvar onsdag. Neste møte er 8. sept.
-Jury songtevling. Få på plass alle.
-Folketeljing. Viktig? Silje kan spørje VTNU om dei har tankar om slikt.
-Besøk til dei 2 resterande husstandane med velkomsthelsing. Kan nokon ta ansvar for å gjennomføre det?

 

 

Web Design: kandesign

elektronik sigara

film izle

vpills