Sak 1: Ymse
Brobygginga vert utsett til våren 1.-3. juli neste år. Då får ein planlagt bygginga betre.
Sak 2: VTNU som arbeidsgjevar.
Kontorplass:
Anne ynskjer at Silje skal vera fysisk til stades i Vinje meir enn ein gong i veka. Silje har sagt ho kan prøve å sita på Bøgrend Handel på måndagar, som ein regel, dersom det ikkje er møter eller anna andre stader den dagen. Ho prøvar også å møte på måndagsmiddag så ofte ho kan. Me kan teste ut dette nokre gonger for å sjå om folk nyttar seg av høvet til å stikke innom prosjektkoordinaoren. Silje trur elles at folk tek kontakt på måndagsmiddag, at dei ringer, eller at dei sender e-post dersom dei har noko på hjartet. Erfaring frå prosjektet i Øyfjell syner at folk ikkje nytta seg av at prosjektleiaren sat tilgjengeleg i Øyfjell. Då er det betre for denne å ha folk rundt seg, og ikkje minst eit fagmiljø. Å sita åleine kan føre til mistrivsel. Anne meiner det kan hende at folk i Vinje er annleis enn i Øyfjell. Difor prøvar me Bøgrend Handel ei stund.
Økonomi:
Delar av styret er bekymra for at VTNU skal stele tid frå Liv i Vinje. Arbeidsavtala må presisere dette. Silje tek dette opp med dagleg leiar av VTNU. Prosjektavtala føreslår at Liv i Vinje betalar VTNU 30.000 for at dei tek arbeidsgjevaransvaret, for kontor og alt som følgjer med det, og for lønnskøyring og reiknskapsføring. Dei 30.000 var i utgangspunktet budsjettert vekk til Vinje reiknskapskontor, så slik sett får me veldig mykje meir for dei pengane ved at me samarbeider med VTNU. Anne synest det er for gale at me til saman skal betale 90.000 for noko som kommunen kunne gjort gratis for oss. Fordelen er iallfall at VTNU kan by på eit fagiljø som er meir fruktbart og relevant for prosjektkoordinatoren og prosjektet enn det kommunen kunne gjort. I VTNU jobbar dei kun med prosjekt og dei jobbar i tillegg med liknande problemstillingar. Dei sit på kunnskap og kompetanse som er viktig for oss som prosjekt. Prosjektet vårt vert også plassert i eit system og me slepp å sulle på åleine, og det er klart og tydeleg kven prosjektkoordinatoren skal forhalde seg til. Det er ein fordel.
Det er noko tvil knytt til denne avgjerda, men styret vart einige om å ta sjansen og prøve ut dette. Dersom det ikkje funkar må me ta det opp og gjera endringar etterkvart. Den 15. desember 2010 tek me ei evaluering på om ordninga fungerer. Styret er elles samstemte om at det hadde vore betre dersom prosjektkoordinaoren budde i Vinje skulekrins/ prosjektområdet.
Kva status ha prosjektet i kommunen?
Dette må me uansett finne ut av og få ein definisjon på. No er det t.d. slik at me vert nedprioriterte i infoavisa Blåmann fordi denne er mynta på kommunal informasjon. Dette synest me er litt rart, og slikt må me skjøne og få ei avklaring på. At prosjektet er definert utanfor kommunen gjer at me stadig støter på små praktiske hindringar og dette slit på kreftene.
Sak 3:
Oppslagstavler
Inne i måndagsmiddagssalen. Korktavle på IKEA? Europris? Den som kjem over ei fyrst kjøper og seier ifrå til dei andre. Darius har laga 1-2 oppslagstavler. Kvar skal dei stå? Vinjar? Bøgrend handel?
Smørklepp har tavle.
Mogane? Særensgrend? Vil dei ha tavle? Det må me spørje dei om. (Særensgrend: i krysset ned mot vatnet evt?)
Kan jo starte med ein på bui og ein på skulen, så får folk sjå korleis dei ser ut, og dersom Særensgrend og Mogane vil ha så kan me byggje fleire etterkvart.
Loppemarknad
Bøgrend Automarken. Ein gjeng. Ikkje noko ledarteam. Hatt eit møte. Neste møte på Bøgrend Auto. Øystein ynskjer ei skriftleg avtale mellom Liv i Vinje og Øystein og Torunn om lånet.
Kombinere med torgdagen til gardsmatbui. Kor mykje skal me gjera utav det? Miljø ute på plassen? Leikar? Musikk? Få inn på heimesida kva torgdagen er…kva er det? Silje spør Åsne.
Foto – og filmseanse: Åsne og Anders?
Silje og Britt lagar plakat denne veka.
Sak 4: Innspel
Krossbane i Vinje; ein gjeng motorentusiastar har teke kontak om dette. Silje har ikkje fått svar på kor langt dei har kome i prosessen enno.
Idear frå styret: Grustak på andre sida av Vinjevatn, eigar Heggjestøyl? Kanskje litt for nærme hus? Grustak på Svartemo langs Byrtevegen. Grustak; største problemet er støyen. Silje snakkar med Åsne.
Ref. Silje Hegg, prosjektkoordinator