Stad: Vinjar
Tid: 19.00-23.00
Desse møtte: Anders Sandvik, Eric Christenson, Anne T. Romtveit, Britt Rønningen, Ellen Nordstoga og prosjektkoordintator Silje Hegg.
Sak 1: Nytt
Me har sendt søknad om midlar til gåvefondet til Sparebankstiftelsen som hadde frist 15. september. Der søkte me om støtte til gjennomføring av songtevling (innspelingskostnader m.m.) og fototevlinga (opptrykk av bilete/ utstillingsproduksjon).
Oppslagtavler. Darius kan hjelpe til med montering. Me må velje plassering.
Tankar frå Anne som såg distriktsdebatten frå Litteraturhuset i Oslo, bygd og by-debatt: Kjøpesenter drenerer områda rundt. Infrastruktur, internet, gode vegar, kompetansearbeidsplassar, vera stolte av det med har og utvikle vidare og samarbeide utifrå det. Forskar ein for å finne problem eller nye moglegheiter? Kva for vinkel brukar Telemarkforsking? Regionalforskingsfondet, sjekk ut. Viktig å sjå røynda og ikkje gjera det til glansbilete der me vil at folk skal koma. Korleis er tilhøva for gründerar? Såkornfond. Heie på initiativ. Respekt er viktig at gjennomsyrer alle ledd.
Me spør: Set me i gang for mykje? Maktar me dette med så få folk?
Sak 2: Prosjektleiars tidsbruk, kva er viktige prioriteringar?
Dette vart meir ein diskusjon om kor mykje det er viktig at prosjektleiar er til stades i bygdi. Prosjektleiars jobb er iallfall å koordinere og informere; generelt kontorarbeid. Dette er eit grasrotprosjekt, men er grasrota sterk nok, er det nok dugnadsvilje til å gjennomføre det som alt er sett i gang av arrangement? Er det eit misforhold mellom det me ynskjer å få til og det me maktar å gjennomføre? Kanskje lurt å ta opp dette på eit folkemøte, for dersom ikkje fleire er viljuge til å ofre noko og setje av tid til å jobbe med prosjektet så må me skjera ned på aktivitetane. Senke ambisjonane, halde jamn aktivitet som ikkje slit oss ut. Det er fleire som gjerne vil og er positive, men dei har ikkje har tid til å bidra slik situasjonen er no, og det er ei ærleg sak, men då må me også ta konsekvensane av det.
Dette bør me ta opp på eit stormøte før jol.
Kva grupper er i gang?
Bustadgruppa –ok, i sving. Vil gjerne koma på eit styremøte: idé om å utfordre kommunen til å lage eigen områdeplan for Vinje skulekrins? Ta Liv i Vinje med i planarbeidet, berre slik kan me få til verkeleg monalege grep. Kva ynskjer dei med løyvinga?
Teatergruppa –i startgropa, men merkar alt fråfall av vaksenpersonar.
Sti-prosjekt: Ikkje starta. Det er enno ikkje kalt inn til møte.
Hadde vore bra å utnytte kapasiteten som eldre sit på når det gjeld stadnamn.
Fint midlar i kommunen.
Vandrarregionen, regionalt prosjekt, samarbeid?
Forslag til ein trasé å starte med: Inn til Finnebu: Alt rydda. AOP 1837. Ei oppleving å sjå. Kulturminne og flott tur. Gjort ein del forarbeid på bru. Setje opp små skilt med informasjon langs vegen? Når det lir uti oktober kan den gruppa seta seg saman og planleggje. Lettare å ha eit mål, enn å finne alle stadnamna i Vinje kanskje? Arbeidsgruppa må sjølve bestemme kva dei vil jobbe med, så det får me sjå, men dei kan få forslaget.
Prosjektleiar og 1 styrerepresentant var på Kulturplanmøte på Vinjehuset, 40 møtte. Bra.
Statkraft har lyst ut sponsoravtaler. Me søker.
Andre moglegheiter: Frifond; Teatergruppa og segle-regatta-klubben?
Prosjektplan:
Me bør byrje å diskutere kva me skal satse på i ein plan. Helst ferdig til jol. Det er eit omfattande arbeid.
Bustad
Områdeplan, me er høringsinstans, kan skipe til allmøter.
Sti-og stadnamn inn her?
Statkraft sponsing på sti-plan? (kultur, idrett, miljø)
Utnytte kapasiteten som eldre sit på når det gjeld stadnamn.
Næring?
Manglar hus etter siste tids hendingar. Referansegruppe med unge potensielle folk. Nokon å spele ball med. Facebook.
Drive aktiv kobling. Invitere unge potensilelle heimattflyttarar til eit møte. Gjeva dei innspel. Me vil støtte deira initiativ til å etablere noko.
Pilot.modell: Å vera ein del av det regionale prosjektet ”Bulyst- gje det vidare!” Samarbeid kan vera nøkkelen. Me set det i system. Synleggjera korleis me tenkjer.
Kultur/møtestader
-Teatergruppe
-Bøgrend Autofest Fyrtårn mediemessig, møtestad for potensielle heimattflyttarar. Lage til eit ungdomsarrangement torsdagen.
-Aktivitet-årshjul:
-Paafonndajen (påske)
-Jonsokfeiring (sommar)
-Loppemarknad/haustarrangement (haust)
-Fast møtestad
-Måndagsmiddag
-Segle-og regattaklubb?
Møte i kommunestyret. Det må evt. bli 4.november. Me spør om møtetid.