Liv i Vinje

 

Stad: Vinjar
Tid: 19.00-21.00
Desse møtte: Anders Sandvik, Eric Christenson, Anne T. Romtveit, Ellen Nordstoga og prosjektkoordintator Silje Hegg.
Desse møtte ikkje: Britt Rønningen

Sak 1. Korleis er trykket på styret?

Me drøfta ulike grep me kan ta for å gjera jobben til styret enklare og meir effektiv. Me kom fram til gode løysingar.

Styret ynskjer å gje prosjektleiaren meir frie tyglar.

Anne ynskjer eit møte med VTNU.

Kva var utgangspunktet for prosjektet?

Essensiell forutsetning: ”grasrotprosjekt”. Kommunen ynskte at me skulle ta over stafettpinnen frå Øyfjell. Ugt.pkt. vårt lokalt var at me skulle få til trivsel i bygdi.

Buine vart nedlagde m.m. Nærliggande å tenkje at me burde få til noko som i Øyfjell. I tillegg står skulen i fare. Og me ynskte å skape nye møteplassar.

Sak 2. Kva er Vinje skule si rolle i Liv i Vinje?

Skulen har ei sjeldan skattkiste: Nærområde med vakker natur, kulturminne, levande landbruk, musikk, litteratur m.m.

Kva rolle skulen skal ha i Liv i Vinje-prosjektet må skulen sjølv få bestemme. Me kan invitere til eit møte med skulen og ta ei evaluering av prosjektet me hadde med skulen i vår. Då kan me også drøfte kva skulen ynskjer vidare.

Sak 3. Ymse

Me utset møtet i kommunestyret til over nyttår.

Velkomstgjengen - siste 2 besøk, kven tek ansvar? Silje prøvar å få dei i gang.

Sti - og stadnamngruppe? Kalle inn til møte mellom stadnamngjengen og Vinje på tvers-gjengen? Silje prøvar å gjera det.

Songtevling: Me høyrde på 4 av 9 innkomne songar. Fint! Juryen får materialet om få dagar. Det kan hende me må utsetje innspelinga til etter jol. Det kjem an på kor travelt jurymedlemmane og produsenten har det.

 

Neste styremøte vert onsdag 24. november på Vinjar kl 19-21.

Web Design: kandesign

elektronik sigara

film izle

vpills