Styremøte
Liv i Vinje 23. november 2010
Stad: Vinjar
Tid: 19.00-21.20
Desse møtte: Anders Sandvik, Eric Christenson, Anne T. Romtveit, Britt Rønningen, Ellen Nordstoga, Ole Dalen (VTNU) og prosjektkoordinator Silje Hegg.
1. Quo vadis Liv i Vinje?
Treng me å rigge oss annleis i høve til prosjektorganisering?
2. Korleis går vi vidare?
Ein representant frå Vest-Telemark Næringsutvikling (VTNU) som no har arbeidsgjevaransvaret for prosjektleiaren vår, var til stades på møtet for å skissere opp ei mogleg alternativ løysing i høve til prosjektorganisering. Ei løysing der noverande prosjektleiar vert ein av fleire frå VTNU som jobbar med prosjektet.
Etter ei kjapp samtale med prosjektleiaren om kva Liv i Vinje har sysla med så langt har representanten frå VTNU skissert opp 5 punkt som han foreslår kan vera utgangspunkt for prosjektskildringa til Liv i Vinje som skal vera ferdig før jol:
-Ungane på oppvekstsenteret
-Arbeidsfellesskap
-Tomter og bustader
-Arrangement
-Marknadsføring og synleggjering
Styret ber om eit meir detaljert forslag frå VTNU på korleis dette kan løysast frå VTNU si side. Så detaljert som mogleg, slik at dei kan vurdere det.
Til neste møte forventar styret detaljar kring løysinga på desse 4 punkta:
1. Prosjektplan, korleis ta tak i prosjektplanarbeidet saman med styret.
2. Konkret info om kva personar på VTNU som ein ser for seg på dei ulike arbeidsområda.
3. Omfang av samarbeidet. Ein slags møteplan? Ei viss rapportering? (at ein møter på styremøte kvar mnd t.d.).
4. Måndagsmiddag. Kan nokon frå VTNU vera til stades kvar måndag?
3. Tevlingane
-Songjuryen har fått stoffet. Me ventar på at dei skal ha tid til å møtast.
-Skulen har blitt spurt om dei vil samarbeide om eit fotoprosjekt til våren. Me tek det oppatt på det komande møtet med skulen.
-Handverkslaget skal ha fotokurs for dei som er ganske blanke: Korleis få bilete frå kamera og inn på datamaskina m.m. Heilt grunnleggjande kunnskap om fotohandsaming.
-Då manglar me eit tilbod for vaksne og eldre ungdom som kan det grunnleggande frå før. Kanskje 2-3 kurskveldar i Liv i Vinje-regi kunne la seg gjera.
-Me får svar på søknaden om midlar til gjennomføring av dei to tevlingane frå Sparebankstiftelsen i desember. Det vert spennande.
4. Ymse
-Avslag på sponsorsøknad til Statkraft .
-Kommunen har vidaresendt dokumentasjon dei har motteke og bede om stadnamskilting av Vinjesvingen.
-Kommunen har sagt dei kan betale for å få vurdert eit av tomtealternativa som bustadgruppa såg på fordi Statkraft no planlegg ny vegtrasé opp mot Boligane. Når dei skal opp og vurdere terrenget likevel kan dette gjerast i same slengen. Bustadgruppa har takka ja til dette flotte tilbodet frå kommunen.
-Bustadgruppa sender purring til dei huseigarane som ikkje har svart, om lag 12 stk.
-Det har gått ut pressemelding om neste års Bøgrend Autofest som vert 5.-7 august. Det var eit samarbeid med Vinjerock som avlyser neste års festival og poenget var å følge opp deira avlysingsmelding med at ”Jau då!” –det BLIR rock i Vinje. Me vurderer eit alkoholfritt ungdomsarrangment på torsdagen. Festivalarbeidarane er litt delte pga alt meirarbeidet dette vil medføre, men skal ta eit møte med kulturkontoret før dei bestemmer seg. Dersom det er meir stønad å hente der er det lettare å argumentere for å utvide arrangementet på den måten. Pressemeldinga genererte forsidenotis og dobbeltside i VTB, stort oppslag i TA og notisar i Varden, TA, Vårt Land, Agderposten o.s.b.
-Møte på skulen 2. desember. Det er berre 2 av oss som kan. Eric spør skulesjefen om me kan utsetje det ei veke til torsdag 9. desember kl 12.00. Hugse å ta opp:
Interessa for å gjennomføre eit fotoprosjekt til våren i samband med fototevlinga.
Minne dei på songtevlinga. Moro dersom ungane vert med på innspelinga.
-Oppmuntrande melding frå Særensgrend! Sveinung H. Olsnes har fått tak i ei oppslagtavle som han donerer og tek på seg å setje opp i Særensgrend til våren. Det er me kjempeglade for!
Arbeidsgruppene
-Teatergruppa har usett neste skuv til etter nyttår og treng då fleire villige sjeler dersom det skal bli noko av.
-Lite respons frå stadnamn- og sti-folka Silje har tatt kontakt med for å få til eit møte.
-2 stk har trekt seg frå velkomstgjengen, og ingen har enno meldt seg til å ta ansvar for besøka.
Bygdebrevet før jol
-innkalling til årsmøte
-kva kapasitet har me? Kva ambisjonsnivå skal me legge oss på?
-kva er gjort så langt (årsrapport)
-ny status i prosjektet
Prosjektleiar førebur brevet så langt det let seg gjera før neste styremøte.
Joletrefest
Det har vore komitémøte.
Det er greit for skulen at me arrangerer joletrefest. Ungane kan øve i skuletida. Liv lofthus har gjort ein stor innsats så langt. Ingvild Nordstoga har bode seg til å øve med ungane i skuletida. Dei lagar plakater på skulen. Festen vert 3. dag jol kl 17. 00.