Liv i Vinje

Styremøte Liv i Vinje

13. desember 2010

Stad: Vinjar
Tid: 18.00-20.45
Desse møtte: Anders Sandvik, Eric Christenson, Anne T. Romtveit, Britt Rønningen, Ellen Nordstoga, Ole Dalen (VTNU) og prosjektkoordinator Silje Hegg.

 

Sak 1:  Bygdebrevet/årsrapporten

Gjennomgang av saker me må hugse på å få med i bygdebrevet.

Sak 2: Næringsarbeid

Prosjektleiar, VTNU og Vest-Telemark Næringsbygg (VTN) hadde laurdag 11. desember eit møte med eit knippe unge vinbyggjar i Oslo, som vurderer å flytte heimover. Dei fekk vita om verkemiddelapparatet og moglegheiter i Vest-Telemark, og sa ja til å vera referansegruppe i prosjektet. Dei skal med hjelp frå VTNU lage forretningsplanar fram mot 19. mars. Då skal dei møtast i Vest-Telemark for ei samanlikning av planar, for å koma eit steg vidare med tanke på felles behov ved ei evt. næringsetablering. Gruppa fekk namnet ”Ny næring i Vinje”.

Storm Weather Shanty Choir skal ha konsert på Vinjar den kvelden. Styret vil gjerne invitere  gruppa ”Ny næring i Vinje” til denne kvelden. Styret tek ansvar for denne invitasjonen.

Sak 3: Ny prosjektorganisering

Ole Dalen (VTNU) går igjennom forslaget til ny prosjektorganisering.

3 hovudsatsingsområde:

Bulyst i Vinje
Ny næring i Vinje
Arrangement i Vinje

Lurt med ei årleg rullering av prosjektplanen. Det bør vera rom for endringar om det er naudsynt.

Framdrift:

  1. Styret avklarar med Vinje kommune om dei løyvde midlane har rammer, eller om styret kan gje oppdraget vidare.
  2. VTNU sjekkar opp lov om offentleg innkjøp.
  3. Styret avgjer om dei ynskjer å gå for tilbodet frå VTNU eller ikkje på neste styremøte som er den 20. desember.

 

Ref. Silje Hegg, Liv i Vinje/VTNU

Web Design: kandesign

elektronik sigara

film izle

vpills