Liv i Vinje

Til stades: Anders, Anne, Britt, Eric, Jon Rikard og Aasmund


0.    Dagens gjest:

Jon Rikard Kleven frå Øyfjell City. Velkomen!

1.    Status:

 

  • Det verkar som det er stor interesse for prosjektet når ein rør med folk. Kanskje er engasjementet større enn før? Mange har store forventningar til arbeidsutvalet. Kva er mandatet vårt?  pkt. 5
  • Søppelplukking i regi av Vinje grendelag før 17.mai samla 20 stk i år mot tidlegare 5-6. Smørklepp grendelag hadde også bra frammøte på søppelplukkinga, men det er ikkje noko nytt i år. Det blei også rydda rundt grendehuset. Dugnaden blei etterfylgt av laurdagskafé i Smørklepp grendehus.
  • Måndagsmiddagane er umåteleg populære og er blitt omtala i Vest-Telemark Blad (halve framsida + artikkel inne i bladet) og andre aviser(?). Johs Apold frå NRK Telemark kjem f.k. måndag (25.mai) for å gjera opptak (radio/fjernsyn?).  Då står nyfiska aure frå Vinjevatn på menyen.
  • Arkivering av medieomtale: Felles ansvar inntil vidare. Alle samlar inn det dei kjem over.  Kva med lenkar til aktuelle artiklar?
  • Kari Rustberggard og Torgrim Thomassen har sett på kjøkenutstyret på Vinjar – det manglar ein del. Me søkjer om midlar.
  • Leiarane i dei tre grendelaga skal ha møte om eventuell felles jonsokfeiring som dei skal ha ansvar for.  Det var fyrst tale om å ha det på Sandnes, men det er kanskje betre å satse på området rundt Vinjar. Då kan ein trekkje inn dersom det blir kjøleg eller regnvêr. Eit problem med å bruke Vinjar er at Vinje handverkslag er då i gang med å rigge til Vinjeutstillinga både i gymsalen og i kjellaren. Kan me bruke rom på skulen dersom det trengst? Grillar (og bål?).
  • Smørkleppbru – arbeidet er i gang. Mange furer er berkte og klare til bruk. Ein del lovnader om midlar har kome inn.
  • Arbeidsutvalet vonar at ”prosjektet” ikkje erstattar eller overkøyrer det som skjer i grendelaga. Prosjektet skal eigentleg drive med heilt andre ting enn grendelaga – litt meir ”overordna” ting som å prøve å oppretthalde skulen/barnehagen, skape trivsel for alle i området, slik at det attraktivt å bu her både for tilflyttande og dei som alt bur her. Det er i alle fall meininga.  Måndagsmiddagane er eit døme på dette. Men me må passe på at ikkje for mange oppgåver på sida av mandatet blir lagt til arbeidsutvalet.
  • Det har kome kritikk på at ”alt” skal skje på Vinjar. Som nemnt tidlegare er det ikkje meininga at prosjektet skal overta plassen til grendelaga. Grendehus kan brukast (som før) til alle slags tilstellingar. Kanskje me kan få låne Haugsæl eller Mjonøy til eit eller anna arrangement? Elles er det praktisk å bruke Vinjar til t.d. måndagsmiddagar og allmøte. Ingen andre bygg i området har så mykje plass, både til folk og bilar. Så er det trass alt skulekrinsen som er nedslagsfeltet for prosjektet.
  • Me vil gjerne ha (konstruktiv) kritikk og gode forslag, og skal prøve å behandle alt på ein skikkeleg måte. Forslagskassa inneheldt mange forslag, fleire med tilknyting til Sandnesområdet, som me skal behandle på neste møte.
  • Prosjektets nettside vinjenytt.no er i drift og ser veldig fin ut. Møtereferat og annan info blir lagt ut etter kvart.

 

2.    Meldingar frå grendelaga til prosjektet:


Vinje grendelag har ingen medlemslister. Smørklepp grendelag har medlemsliste men ikkje alle er med i grendelaget. Mogane veit me ikkje noko om. Knut Erik Jordstøyl skal høyre med Posten om dei kan gjeva ut namne-/adresselister over dei som bur i skulekrinsen. Me vil prøve å få informasjon ut til alle!

3.    Prosjektnamn:


Me røysta over ei liste med 25 forslag. Førebels arbeidstittel på prosjektet blir:  livivinje

4.    Innspel frå Jon Rikard – erfaringar frå Øyfjell City

 

  • Kartlegg ressursane i bygda: folk, natur, kultur, bedrifter, bygg……
  • Set mål – oppretthalde skulen, barnehagen, butikken
  • Lag prosjektplan med mål
  • Hald dykk til måla – ikkje drag inn andre oppgåver
  • Verkemiddel (då treng ein pengar):
    Prosjektleiar 50%
    Gratis barnehage
    Nettside
    Utradisjonell marknadsføring
    Tomter med infrastruktur (som i Åmot)
    Prøvebustader
    Inviter politiske parti til drøfting av prosjektet
    Arbeidsgrupper

 

5.    Vidare


Me må lage prosjektskisse/prosjektplan neste gong. Formalisering: For å kunne søkje om prosjektstøtte må me ha organisasjonsnummer. Arbeidsutvalet får fungere som ”interimstyre” og lage nokre enkle vedtekter slik at prosessen kjem vidare.

6.    Neste møte


Onsdag 3. juni kl. 20 på Vinjar.


Referent: Eric Christenson

Web Design: kandesign

elektronik sigara

film izle

vpills