Liv i Vinje

REFERAT FRÅ ÅRSMØTE OG ÅRSFEST

LIV I VINJE  19. JANUAR 2011

KL 18   - 19.50

 

43 tilstades.

 

Anders ynskte velkomen før Silje sette tonen med

So sulla ho mor  - etter Eivind Groven.

 

1. Godkjenning av innkalling og saksliste.

Den stod i  seiste Bygdebrevet som kom ut  før jol

og lysing i Vtblad 15.januar.

Godkjent.

 

2. “Val” av referent: Gerd Lyngestad Kroken

Godkjent.

Underhaldning:

Vilde, Trine og Åshild song “Heim te mor”

 

3. Årsforteljing frå styret ved Anne T Romtveit.

Godkjent.

 

4. Ã…rsreikneskap 2010 v/Silje

Godkjent

Underhaldning:

Songinnslag ved Vilde, Trine og Ã…shild: We are the World

 

5. Val av styre:

Eric Christenson ynskjer avløysing.

Framlegg: Olav Rui

Olav Rui valt ved akklamasjon.

 

Val av varamedlemmer:

Det har ikkje vore varamedlemmer til styret tidlegare.

Framlegg: Inger Lise Ullsvik

Vald ved akklamasjon

Framlegg: Sveinung Hylland Olsnes

Vald ved akklamasjon

 

Dans:

Silje spila oss opp til marsj og alle var med under leiing av

Ellen Nordstoga og Liv Lofthus.

 

6. Presentasjon av ny organisering av prosjektet

Kvar går vi i Liv i Vinje? Ved Ole Dalen

 

Silje (tidlegare prosjektleiar) er no i VTNU- Vest Telemark

Næringsutvikling, og Ole Dalen er ny prosjektleiar (tilsett i VTNU)

Prosjektet er vårt eige, men er forankra i VTNU.

 

MÃ¥ndagsmiddagen er unik, viktig og ei bragd!

 

“Fråflytting avdeling Oslo”  er ein gjeng som ynskjer å flytte heimatt

viss mogleghetane by seg!!

 

Prosjektet er delt i 3 område:

- ny næring i krinsen v/ Ole Dalen

- bulyst - v/ Elisabeteh Lid

- arrangement v/ Silje Hegg

 

I tillegg er alle initiativ ynskt velkomen! Tak kontakt med Ole om ein

har ein idè.

Ole viste til målsetjingane for prosjektet, både kort- og langsiktige.

Prosjektet skal avsluttast 31.12.2012.

Elisabeth Lid- bygdelivsmeklar i Vest Telemark:

-  skal føle  ansvar for å vere mottak for nye menneske + å ta vare på

dei som alt er her.

-  skal framsnakke bygda vår og kvarandre.

-  viktig å ta i mot initiativ, vil vera med å vidareutvikle det som er i

gang.

 

Silje - arrangement i Vinje i 2011:

Fortalde om Paafonndajen, Bøgrend Autofest og Bøgrend

Automarken.

 

Prosjektplanen ligg på www.Livivinje.no

Kom gjerne med innspel til denne, oppfordrar Anders!

 

7. Ymse:

Innspel:

- Harald A Kvålen:

Bra initiativ det som skjer i prosjektet.

Bekymra for framtida, 2 grøfter å falle i:

- tru ein kan leve av turistar

- importere hollendarar

 

Anders avrunda møtet:

- Opprette ei referansegruppe med ungdom som styret kan jobbe mot.

- Me som bur her har ein viktig jobb i å møte folk positivt.

VER VERTSKAP!

- Dugnadsånda er stor. Vi treng dette for å få til “ting”.

Møtelyden svara Ja til at der LIV I VINJE!

 

Ref:  Gerd Lyngestad Kroken

 

 

 

 

 

 

 

 

Web Design: kandesign

elektronik sigara

film izle

vpills