REFERAT frå årsmøtet i Liv i Vinje
28.01 2019.
Det møtte 23 på årsmøtet.
Sak 1 Innkallinga godkjent utan merknad
Sak 2 Saklista godkjent med tillegg av ei sak som kom inn 28.01.19.
Sak 3 Åsne Midtun vald til ordstyrar
Sak 4 Kari Rustberggard vald til skrivar
Sak 5 Årsmeldinga for 2018 godkjent med desse tillegg:
Påfunndagen. Vinje bryggeri stilte med opne lokale og sal av kaffi, saft og enkelt matsal.
Joletrefesten. Knut H Eknes skaffa joletre. Luke Tennant og Kjetil Nessæter var med og førebudde og rydda.
Sak 6 Rekneskapen godkjent.
Sak 7 Val
Desse var på val 2019:
Åsne Midtun – leiar
Kari Rustberggard
Aslaug Kostveit - vara
Anders Sandvik - vara med ansvar for rekneskapen
Attval:
Åsne Midtun – leiar (1år)
Kari Rustberggard – (2år)
Anders Sandvik – (1år)
Ny vara:
Snorre Bakken (1år)
Valnemnd vald på årsmøtet 2019:
Anne R Bekhus
Asbjørn Bekhus
Åsne Vesaas
SAK TIL ÅRSMØTET FRÅ VINJE UNGDOMSLAG.
I brev frå Vinje ungdomslag - datert 28.01.19 – ynskjer styret å gje det dei har ståande i banken – ca 40 000kr – til Livi Vinje - øyremerkt til arbeidet i Vinje barneteater. Etter ein lengre diskusjon, valde ein å avslå gåva, då årsmøtet ikkje tykte saka var godt nok gjennomarbeid.
INFORMASJON FRÅ STYRET.
25.01.19 var leiaren innkalla og deltok på møte om Vinjesenteret på kommunehuset. Det blei høve til å koma med innspel til teikningane av bygget.
GJESTER på årsmøtet
Ho oppmoda om at interesserte melde seg som besøksvenn for demente. Det blir kurs 6.mars i regi av Nasjonalforreningen for folkehelse.
Sparebankstiftelsen har gjeve 120 000kr til symaskiner som kan leigast til kurs.
Gjensidigestiftelsen har gjeve 400 000kr til friluftsutstyr som kan leigast.
Alt kan ein låne på biblioteket i Åmot.
Ref Kari Rustberggard 28.01.19