include("../includes/png_fix.php"); ?>
Vinje Grendelag held til på Breihjot i Bøgrend.
Laget blei stifta i 1993 og arbeider for å samle flest mogleg om felles-saker som gjeld bygda.
Alle som bur i bygda er automatisk medlemmer av laget.
Av den grunn er det difor heller ikkje medlemskontingent.
I styret for Vinje Grendelag sit: Arne Reine, Anne T. Romtveit, Solveig Ringhus, Magnhild Sveinsen og Knut Erik Jordstøyl.
Kva skjer:
Strikketreff kvar onsdag føremiddag.
Bokkafè ein kveld i månaden
Det blir laga kalender kvart år, med gamle fotografi frå noverande Vinje skulekrins.
Jolekafè med utlodning fyrste adventssundagen.
Vinje Grendelag har arrangert VI-BØ rennet i mange år, palmesundag.
Grendelaget ryddar langs E-134 frå Vinjar til Kjeringdalen, før 17. mai, også gjort i mange år.